1. Johannes 5
N11NN
5
Sigrande tru
1 # Joh 3,3+; 8,42; 1 Joh 3,9; 4,2 Kvar den som trur at Jesus er Kristus, er fødd av Gud. Og den som elskar han som har fødd oss, elskar òg det som er fødd av han. 2På dette kjenner vi at vi elskar Guds born: at vi elskar Gud og held hans bod. 3#Matt 11,30; Joh 14,15.23f; 2 Joh 6 Å elska Gud er å halda hans bod, og hans bod er ikkje tunge. 4#Joh 16,33 For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
Vitnemålet om Sonen
5 # 1 Kor 15,57; 1 Joh 4,4.15 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son? 6#Joh 19,34#5,6 vatn og blod viser til Jesu dåp og død. >1 Joh 1,7. Han, Jesus Kristus, er den som kom gjennom vatn og blod. Ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga. 7#5,7–8 Nokre få, seine handskrifter har «For det er tre som vitnar i himmelen: Far, Ordet og Den heilage ande, og desse tre er eitt. Og det er tre som vitnar på jorda: Anden, vatnet og blodet, og desse tre seier det same». Så er det tre som vitnar: 8Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same. 9#Joh 8,18 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10#Rom 8,16 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i sitt indre. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til løgnar, fordi han ikkje har trudd Guds eige vitnemål om sin Son. 11#Joh 1,4 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i hans Son. 12#Joh 3,36 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.
Bøn og forbøn
13 # Joh 20,31 Dette har eg skrive til dykk så de skal vita at de har evig liv, de som trur på namnet åt Guds Son. 14#Matt 7,7+; 1 Joh 3,21f Og denne frimodige tilliten har vi til han: at han høyrer oss når vi bed om noko som er etter hans vilje. 15Og når vi veit at han høyrer oss, same kva vi bed om, då veit vi òg at vi alt har det vi har bede han om. 16#Matt 12,31; Hebr 6,4ff; 10,26 Den som ser bror sin gjera ei synd som ikkje fører til død, skal be for han og slik gje han liv – så sant han ikkje er av dei som syndar til døden. Det finst synd som fører til død, men eg talar ikkje om bøn for slik synd. 17#3,4 All urett er synd, men ikkje all synd fører til død.
Under Guds vern
18 # 3,9+ Vi veit at kvar den som er fødd av Gud, ikkje syndar. For han som er fødd av Gud, vernar han, så den vonde ikkje kan koma til. 19#Gal 1,4 Vi veit at vi er av Gud, og at heile verda ligg i det vonde. 20#Joh 17,3 Og vi veit at Guds Son er komen, og han har gjeve oss forstand, så vi kjenner Den sanne. Vi er i Den sanne, vi som er i hans Son, Jesus Kristus. Han er den sanne Gud og det evige livet.
21 # 1 Kor 10,14 Mine born, ta dykk i vare for dei falske gudane!

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk