1. Korintar 9

9
Dei rettane som apostlane har
1 # Apg 9,3ff; 1 Kor 15,8 Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Har eg ikkje sett Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren? 2#2 Kor 3,2f Er eg ikkje apostel for andre, så er eg det i alle fall for dykk. For de er seglet på apostelkallet mitt i Herren. 3Mitt forsvar mot dei som dømmer meg, er dette: 4#Luk 10,7f; 1 Kor 9,13f Har ikkje vi òg rett til å få mat og drikke? 5#Matt 8,14; 16,18+#9,5 Kefas >1,12. Har ikkje vi òg rett til å ha med oss ei truande syster som kone, liksom dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas? 6#2 Tess 3,8f Er det berre eg og Barnabas som ikkje har rett til å sleppa å arbeida? 7#2 Tim 2,4.6 Kven er soldat og betaler løna sjølv? Kven plantar ei vinmark utan å få eta av frukta? Eller kven gjeter ein buskap utan å drikka av mjølka frå buskapen? 8Talar eg dette berre ut frå menneskeleg tankegang? Seier ikkje lova òg det same? 9#5 Mos 25,4; 1 Tim 5,18#9,9 ein okse som treskjer Oksen som drog treskjesleden over aksa, fekk eta av kornet. For i Moselova står det skrive: Du skal ikkje binda for mulen på ein okse som treskjer. Men er det oksane Gud har omsorg for? 10#2 Tim 2,6#9,10 den som pløyer … få sin del Kjelda for dette skriftsitatet er ikkje kjend. Eit liknande motiv finst i Siraks bok, Sir 6,19. =kanon. Er ikkje dette sagt fullt og heilt med tanke på oss? Jau, for vår skuld er det skrive. For den som pløyer, skal pløya med håp, og den som treskjer, skal gjera det med håp om å få sin del. 11#Rom 15,27 Har vi sådd det åndelege blant dykk, er det då for mykje om vi får hausta av det materielle? 12#Apg 20,33f; 2 Kor 11,7ff Om andre har rett til dette hos dykk, skulle ikkje vi ha det endå meir? Men vi har ikkje nytta denne retten. Vi finn oss i alt, så vi ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium. 13#3 Mos 6,9.19; 5 Mos 18,1ff Veit de ikkje at dei som gjer teneste i tempelet, får eta av det som kjem inn til tempelet, og at dei som tener ved altaret, får sin del av det som blir ofra på altaret? 14#Matt 10,10; Gal 6,6 På same måten har Herren gjeve påbod om at dei som forkynner evangeliet, skal leva av evangeliet.
15Men eg har ikkje nytta nokon av desse rettane. Eg har heller ikkje skrive dette for å gjera krav på dei. For eg ville heller døy – ingen skal ta frå meg dette som eg er så stolt av. 16#Jer 20,9; Luk 17,10 For om eg forkynner evangeliet, så er ikkje det noko å skryta av; det ligg på meg som ein tvang. Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet! 17#4,1 Gjer eg det frivillig, då har eg krav på løn. Men gjer eg det fordi eg må, då er det ein hushaldars oppgåve som er tiltrudd meg. 18Kva er så mi løn? Jau, at eg forkynner evangeliet utan kostnad for nokon og ikkje nyttar den retten som evangeliet gjev meg.
19 # Matt 20,26f Endå eg er fri og ikkje slave for nokon, har eg gjort meg til slave for alle for å vinna så mange som råd. 20#Apg 16,3; 21,20ff For jødane har eg vorte som ein jøde, så eg kan vinna jødar. For dei som er under lova, har eg vorte lik ein som er under lova, så eg kan vinna dei, endå eg sjølv ikkje er under lova. 21For dei som er utan lov, har eg vorte som ein som er utan lov, så eg kan vinna dei, endå eg ikkje er utan lov for Gud, men bunden av Kristi lov. 22#2 Kor 11,29 For dei veike har eg vorte veik, så eg kan vinna dei veike. For alle har eg vorte alt, så eg i alle fall kan frelsa nokre. 23Men alt gjer eg for evangeliet skuld, så eg sjølv kan få del i det.
24 # Fil 3,14 # 9,24 stadion eit lengdemål på ca. 185 m som utgjorde ein løpsdistanse. Ordet vart òg brukt om heile idrettsarenaen. =mål og vekt. Veit de ikkje at dei som spring på stadion, dei er alle med i løpet, men berre éin får sigersprisen? Spring då slik at de vinn prisen! 25#2 Tim 2,5; 4,7f; Jak 1,12; 1 Pet 5,4; Op 2,10; 3,11#9,25 krans laga av olivengreiner eller laurbær. Dei som vann i idrettskonkurransar, fekk ein slik krans lagd på hovudet. Alle som er med i kampleikane, må nekta seg alt. Dei gjer det for å vinna ein forgjengeleg krans, men vi for å vinna ein uforgjengeleg. 26Så spring eg ikkje utan mål; eg er ikkje som ein nevekjempar som slår i lause lufta. 27Nei, eg er hard med kroppen min og tvingar han til å lystra, så ikkje eg, som har forkynt for andre, sjølv skal koma til kort.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring