1. Korintar 7
N11NN
7
Ekteskap og ugift stand
1 # 7,1 det de skreiv om Paulus har fått eit brev frå forsamlinga med visse spørsmål som han her kjem inn på. Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne. 2#1 Tess 4,3f Men for å unngå hor skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann. 3Mannen skal gjera mot kona det han skyldar, og like eins kona mot mannen. 4Kona rår ikkje over sin eigen kropp; det gjer mannen. Like eins rår heller ikkje mannen over sin eigen kropp; det gjer kona. 5Hald dykk ikkje frå kvarandre utan at de er samde om å gjera det for ei tid, for å bruka tida til bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk fordi de ikkje kan vera fråhaldande. 6Dette er meint som ei tillating, ikkje som eit påbod. 7#Matt 19,11f For eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så.
8Til dei ugifte og til enkjene seier eg: Det er godt for dei om dei blir verande som eg. 9#1 Tim 5,14 Men kan dei ikkje vera fråhaldande, får dei gifta seg. For det er betre å gifta seg enn å brenna av lyst. 10#Matt 5,32; Mark 10,4.11f; Luk 16,18 Og til dei som er gifte, har eg dette bodet, ikkje frå meg, men frå Herren: Ei kone skal ikkje skilja seg frå mannen sin – 11om ho skil seg, skal ho leva ugift eller forlika seg med mannen – og ein mann skal ikkje skilja seg frå kona si.
12Til dei andre seier eg, og ikkje Herren: Om ein kristen bror har ei kone som ikkje trur, og ho gjerne vil bli buande saman med han, skal han ikkje skilja seg frå henne. 13Og om ei kone har ein mann som ikkje trur, og han gjerne vil bli buande saman med henne, skal ho ikkje skilja seg frå mannen. 14For mannen som ikkje trur, blir helga ved kona, og kona som ikkje trur, blir helga ved mannen fordi han er ein truande bror. Elles hadde borna dykkar vore ureine, men no er dei heilage. 15Men vil den som ikkje trur, skilja seg, så lat han skilja seg. I slike tilfelle er ikkje den truande broren eller systera bunden. Gud har kalla dykk til fred. 16#1 Pet 3,1 For kva veit du, kvinne, om du kan berga mannen din? Og kva veit du, mann, om du kan berga kona di?
17 # 7,20.24 Difor skal kvar og ein leva livet sitt der Herren har sett han, så som Gud har kalla kvar einskild. Dette pålegget gjev eg i alle forsamlingane. 18Var ein mann omskoren då han vart kalla, skal han ikkje prøva å gjera det om. Var ein mann uomskoren då han vart kalla, skal han ikkje la seg omskjera. 19#Rom 2,25ff; Gal 5,6; 6,15 Det avgjerande er ikkje om ein er omskoren eller uomskoren, men at ein held Guds bod. 20Kvar og ein skal bli verande i det kallet han hadde då han vart kalla. 21Var du slave då du vart kalla? Bry deg ikkje om det! Men kan du bli fri, så vel heller det. 22#Rom 6,18.22; Ef 6,6; Filem 16; 1 Pet 2,16 For den som var slave då Herren kalla han, er Herrens frigjevne. På same måten har den som var fri då han vart kalla, vorte Kristi slave. 23#6,20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Så bli ikkje slavar for menneske. 24Kvar og ein skal bli verande der han var då han vart kalla, sysken, og han skal vera der for Gud.
25 # 7,25 dei unge jentene gr. «jomfruene». Ordet er i v. 36 og 38 omsett med «kjærasten». Når det gjeld dei unge jentene, har eg ikkje noko bod frå Herren. Men eg seier mi meining, sidan eg av Herren har fått miskunn til å vera truverdig. 26#Luk 21,23 På grunn av den trengselstida vi lever i, meiner eg at det er godt for eit menneske at det blir verande som det er. 27Er du bunden til ei kvinne, så prøv ikkje å bli fri. Er du ikkje bunden til ei kvinne, så prøv heller ikkje å finna deg ei kone. 28Men om du gifter deg, syndar du ikkje; og om ei ung jente gifter seg, syndar ho ikkje. Men dei som gifter seg, kjem til å møta vanskar i livet, og det vil eg gjerne spara dykk for. 29#Rom 13,11f; 1 Kor 10,11; 1 Pet 4,7; 1 Joh 2,18 For det seier eg, brør, at tida blir stadig kortare. Heretter skal dei som har kone, vera som om dei ikkje hadde, 30dei gråtande som om dei ikkje gret, dei glade som om dei ikkje gledde seg, dei som kjøper noko, som om dei ikkje eigde det, 31#1 Joh 2,15ff og dei som bruker det som er i verda, som om dei ikkje brukte det. For denne verda slik ho er, går under.
32Eg vil at de skal vera frie for uro. Den ugifte har omsorg for det som høyrer Herren til, korleis han kan vera til glede for Herren. 33#Luk 14,20 Men den som er gift, har omsorg for det som høyrer verda til, korleis han kan vera til glede for kona, 34og så blir sinnet delt. Den ugifte kvinna og den unge jenta har omsorg for det som høyrer Herren til, så dei kan vera heilage både på kropp og sjel. Men den gifte kvinna har omsorg for det som høyrer verda til, korleis ho kan vera til glede for mannen. 35#Luk 10,41f Dette seier eg fordi eg vil dykk vel. Eg vil ikkje leggja band på dykk, men eg vil de skal leva sømeleg og halda dykk trufast og heilhjarta til Herren.
36 # 7,36 nokon Det er uklårt om dette siktar til den mannlege parten i ein avtale om ekteskap eller til ein far som vil gifta bort ei ugift dotter. ikkje kan vera i lag … sømeleg vis eller «fører skam over den unge jenta». >v. 25. fordi han er i si fulle kraft eller «fordi ho er forbi ungdomsalderen». Tydinga av den gr. teksten er usikker. Det er uklårt om uttrykket siktar til den mannlege eller den kvinnelege parten. Om nokon trur at han ikkje kan vera i lag med kjærasten sin på sømeleg vis fordi han er i si fulle kraft, då skal han gjera som han vil, når så må vera: Lat dei gifta seg, han syndar ikkje med det. 37Men den som står fast i det han har sett seg føre og ikkje er under tvang, men har herredøme over viljen sin og i sitt hjarte har teke den avgjerda å la jenta bli verande jomfru, han gjer vel i det. 38Så gjer den rett som gifter seg med kjærasten sin, og den som ikkje gifter seg, gjer betre.
39 # Rom 7,2f Ei kone er bunden så lenge mannen hennar lever. Men når mannen døyr, er ho fri og kan gifta seg med kven ho vil, berre det blir gjort i Herren. 40Men lukkelegare er ho om ho lever åleine, etter mi meining. Og eg meiner at eg òg har Guds Ande.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk