1. Korintar 2
N11NN
2
Guds mysterium er openberra
1 # Apg 18,1; 1 Kor 1,17 # 2,1 mysterium Mange gamle handskrifter har «vitnemål». Då eg kom til dykk, sysken, var det ikkje med meisterskap i talekunst eller visdom eg forkynte Guds mysterium. 2#Gal 3,1; 6,14 For eg hadde fastsett at eg ikkje ville vita av noko anna hos dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3#Apg 18,9; 2 Kor 10,1 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4#2 Kor 12,12; 1 Tess 1,5 Og eg bar ikkje fram bodskapen min med overtydande visdomsord, men med Ande og kraft som prov. 5For trua dykkar skulle ikkje byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
6Men vi forkynner ein visdom for dei som er mogne, ein visdom som ikkje høyrer denne verda til, eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7#Matt 11,25; 13,11; Rom 16,25; 1 Kor 4,1; Ef 1,9; 3,3f; Kol 1,26 Nei, vi forkynner eit mysterium, Guds løynde visdom. Før tidene tok til, hadde Gud fastsett at denne visdomen skulle føra oss fram til herlegdomen. 8#Apg 13,27 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent. Hadde dei kjent den, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9#Jes 64,3#2,9 som det står skrive Dei siterte orda finst ikkje i GT. Dei kan stamma frå Elia-apokalypsen, eit skrift som er gått tapt, men som blir sitert av kyrkjefedrar. Men som det står skrive:
Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,
alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,
10 # Matt 13,11 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud. 11#Ordt 20,27 For kven veit kva som bur i mennesket, utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12#Joh 16,13f Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13#Joh 14,16.26; 1 Joh 2,20.27 Og dette talar vi om med ord som Anden har lært oss, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss. For det åndelege tolkar vi med ord som høyrer Anden til. 14Menneska slik dei er i seg sjølve, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er dårskap for dei, og dei kan ikkje forstå det, for det kan berre dømmast om på åndeleg vis. 15#1 Joh 2,20 Men det mennesket som har Anden, kan dømma om alt, og sjølv kan det ikkje dømmast av nokon. 16#Jes 40,13 For
kven kjende Herrens sinn, så han kunne gje han råd?
Men vi har Kristi sinn.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk