1. Korintar 14

14
Rettleiing om gudstenesta
1 # 12,31; 14,39 Jag etter kjærleiken, strev etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk. 2For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, for han talar løyndomar ved Anden. 3Men den som talar profetisk, talar for menneske til oppbygging, formaning og trøyst. 4Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv, men den som talar profetisk, byggjer opp forsamlinga. 5#4 Mos 11,29 Eg skulle ønskja at de alle tala i tunger, men endå meir at de tala profetisk. For den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så forsamlinga kan bli oppbygd. 6Set no, sysken, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva nytte har de av det, når eg verken gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære? 7På same måten er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ei harpe. Om det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då oppfatta kva som blir spela? 8Og om trompeten gjev eit utydeleg signal, kven rustar seg då til krig?
9Slik er det med dykk òg: Bruker de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då oppfatta det som blir sagt? Då talar de berre ut i lufta. 10Same kor mange språk det finst i verda, har alle si meining. 11Kjenner eg ikkje språket, blir eg ein framand for den som talar, og den som talar, blir ein framand for meg. 12På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga! 13Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det. 14For om eg bed i tunger, så bed mi ånd, men forstanden min har ikkje nytte av det. 15#Ef 5,19 Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med forstanden. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med forstanden. 16#14,16 amen hebr. for «det står fast», «det er visst og sant». =amen. For om du lovar Gud i ånda, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier. 17Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan blir oppbygd av det. 18Eg takkar Gud for at eg talar meir i tunger enn nokon av dykk. 19Men når forsamlinga er samla, vil eg heller tala fem ord med forstanden så eg kan læra andre noko, enn tusenvis av ord i tunger.
20 # Ef 4,14 Mine sysken, ver ikkje born når det gjeld forstand! I vondskap skal de vera born, men i forstand skal de vera fullvaksne. 21#Jes 28,11f Det står skrive i lova:
Gjennom folk med andre tungemål
og med andre språk på leppene
skal eg tala til dette folket,
men endå vil dei ikkje høyra på meg,
seier Herren.
22Så er tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei som ikkje trur. Men profettalen er eit teikn, ikkje for dei som ikkje trur, men for dei truande. 23#Apg 2,13 Om no heile forsamlinga kjem og er samla og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller menneske som ikkje trur, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet? 24#Joh 16,8 Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein utanforståande eller ein som ikkje trur, då vil han kjenna seg skulda av alle, ja, dømd av alle. 25#Sak 8,23 Dei løynde tankane i hjartet hans kjem for dagen, og han vil kasta seg ned med andletet mot jorda, tilbe Gud og ropa ut: Gud er sanneleg midt imellom dykk!
26 # 12,7ff Kva inneber så dette, sysken? Når de kjem saman, har kvar av dykk noko å gje. Den eine har ein salme, den andre eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har tungetale, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging! 27Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller høgst tre om gongen. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda. 28Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i forsamlinga. Han kan tala for seg sjølv og for Gud. 29#1 Tess 5,19ff Lat to eller tre tala profetisk, og lat dei andre prøva det som blir sagt. 30Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den første teia. 31For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få nytt mot. 32Profetar kan styra dei profetiske åndene dei har. 33#Rom 15,33 For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud.
Liksom i alle forsamlingar av dei heilage 34#1 Mos 3,16; 1 Kor 11,3; Ef 5,22; 1 Tim 2,11f; Tit 2,5 skal kvinnene teia når forsamlinga kjem saman. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, som òg lova seier. 35Men er det noko dei vil læra, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i forsamlinga. 36Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut? Er det berre til dykk ordet er kome? 37#1 Joh 4,6 Om nokon meiner seg å vera profet eller ha åndsgåver, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod. 38#14,38 Mange gamle handskrifter har «Om nokon ikkje skjønar, får han la det vera». Den som ikkje godtek dette, blir sjølv ikkje godteken.
39 # 1 Tess 5,20 Difor, sysken: Ver ivrige etter å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger. 40#14,33; Kol 2,5 Men lat alt gå sømeleg og ordentleg føre seg!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring