1. Korintar 12

12
Nådegåvene
1Når det gjeld Andens gåver, sysken, vil eg ikkje at de skal vera utan kunnskap. 2#Hab 2,18f; Gal 4,8; 1 Tess 1,9 De veit at då de var heidningar, vart de viljelaust dregne med til dei stumme avgudane. 3#Fil 2,11 Difor kunngjer eg dykk at ingen som talar i Guds Ande, seier: «Forbanna vere Jesus!» Og ingen kan seia: «Jesus er Herre!» utan i Den heilage ande.
4 # Rom 12,6ff; 1 Kor 12,28ff; Ef 4,7ff Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. 5Tenestene er ulike, men Herren er den same. 6Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle. 7#14,26; Ef 4,12 Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode. 8For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden. 9Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. 10#Apg 2,4; 1 Joh 4,1ff Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene. 11#Rom 12,3.6 Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.
12 # Joh 2,21; Rom 12,4f; 1 Kor 10,16; Ef 1,23; 4,16; Kol 1,18; 3,15 For liksom kroppen er éin, endå han har mange lemer, er alle lemene éin kropp, endå dei er mange. Slik er det med Kristus òg. 13#Gal 3,28+; Ef 2,14ff For med éin Ande vart vi alle døypte til å vera éin kropp, anten vi er jødar eller grekarar, slavar eller frie, og alle fekk vi éin Ande å drikka. 14For kroppen er heller ikkje éin lem, men mange. 15Om foten ville seia: «Fordi eg ikkje er hand, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer han like fullt med til kroppen. 16Og om øyret ville seia: «Fordi eg ikkje er auge, høyrer eg ikkje med til kroppen», så høyrer det like fullt med til kroppen. 17Om heile kroppen var auge, kvar vart det då av høyrsla? Om alt var høyrsle, kvar vart det då av luktesansen? 18Men no har Gud gjeve kvar einskild lem sin plass på kroppen, så som han ville det. 19Om dei alle var éin lem, kvar vart det då av kroppen? 20Men no er det mange lemer, men berre éin kropp. 21Auget kan ikkje seia til handa: «Eg treng deg ikkje», eller hovudet til føtene: «Eg har ikkje bruk for dykk». 22Tvert imot! Dei lemene på kroppen som synest vera veikast, kan vi ikkje vera utan. 23Og dei lemene på kroppen som vi tykkjer er verde mindre ære, dei viser vi heller større ære, og dei lemene som vi kjenner skam ved, kler vi endå meir sømeleg; 24dei andre lemene treng det ikkje. Men Gud har sett kroppen saman slik at det som manglar ære, heller får større ære, 25så det ikkje skal vera strid i kroppen, men at lemene skal ha same omsorg for kvarandre. 26#Rom 12,15 For om ein lem lid, så lid alle dei andre med. Og om ein lem blir æra, gleder alle dei andre seg.
27 # Rom 12,5; 1 Kor 6,15; Ef 5,30 Men de er Kristi kropp, og kvar av dykk ein lem på han. 28#12,4; Ef 4,11f I kyrkja har Gud for det første sett nokre til apostlar, for det andre profetar, for det tredje lærarar, deretter gåva å gjera mektige gjerningar, deretter nådegåver til å lækja, til å hjelpa, til å leia og til å tala i ulike tunger. 29Er vel alle apostlar? Er alle profetar? Er alle lærarar? Gjer alle mektige gjerningar? 30Har alle nådegåver til å lækja? Talar alle i tunger? Kan alle tyda tungene? 31Men ver ivrige etter å få dei største nådegåvene!
Kjærleiken
Og endå vil eg visa dykk ein betre veg:

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring