1. Korintar 1
N11NN
1
Helsing
1 # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Sostenes kan vera den same som synagogeforstandaren i Apg 18,17. Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes 2#Apg 9,14; 22,16; 2 Tim 2,22#1,2 Korint romersk koloni og hovudstad i den romerske provinsen Akaia, åtte mil vest for Aten, politisk viktig handelsby med eit mangfald av religionar og folkeslag. =byar. helsar Guds forsamling i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre: 3#Rom 1,7; 2 Kor 1,2 Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Takk til Gud
4 # Rom 1,8 Eg takkar alltid min Gud for dykk, for Guds nåde som er gjeven dykk i Kristus Jesus. 5#2 Kor 8,7 I han har de vorte rike på alt, på all lære og all kunnskap. 6Så er òg vitnemålet om Kristus grunnfest mellom dykk, 7#Luk 17,30; 2 Tess 1,7; Tit 2,13 så de ikkje manglar noka nådegåve medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. 8#Fil 1,6; 1 Tess 3,13; 5,23#1,8 vår Herre Jesu Kristi dag den dagen Herren kjem att til frelse og til dom. Jf. Rom 13,12; 1 Kor 5,5; Fil 1,6. =Herrens dag. Han skal òg grunnfesta dykk til enden kjem, så de kan stå ulastelege på vår Herre Jesu Kristi dag. 9#10,13; 1 Tess 5,24 Gud er trufast, han som har kalla dykk til fellesskap med sin Son, Jesus Kristus, vår Herre.
Strid i forsamlinga
(1,10–4,21)
Åtvaring mot usemje
10 # Rom 15,5+; 1 Kor 11,18f Eg legg dykk på hjartet, sysken, ved vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje splitta dykk i flokkar, men vera nært knytte saman, i same syn og same tanke. 11#1,11 dei hos Kloe Kloe dreiv truleg handel mellom Korint og Efesos, der 1 Kor vart skrive. Paulus har gjennom familiemedlemene eller tenarane hennar fått høyra korleis det stod til blant dei kristne i Korint. For dei hos Kloe har fortalt meg, sysken, at det er strid mellom dykk. 12#Matt 16,18+; Apg 18,24ff; 1 Kor 3,4#1,12 Apollos viktig lærar og forkynnar i den tidlege kyrkja, òg omtala i 3,4–6.22; 4,6; 16,12. Kefas læresveinen Peter. Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», medan andre seier: «til Apollos», «til Kefas» eller «til Kristus». 13Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14#Apg 18,8; Rom 16,23 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon andre av dykk enn Krispus og Gaius, 15så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16#16,15#1,16 alle heime hos han Ordet i den gr. teksten tyder «hus», ofte i tydinga «husstand», «husfellesskap». Det omfatta husfaren, kona og borna hans og kanskje barneborn og svigerborn, slavar og frigjevne. Jf. 16,15; Apg 16,15.33. Rett nok har eg òg døypt Stefanas og alle heime hos han, men elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan. 17#1,17 evangeliet «gledeleg bodskap», «godt nytt». =evangelium. For Kristus har ikkje sendt meg ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og då ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal mista si kraft.
Guds visdom og menneskevisdom
18 # Rom 1,16; 2 Kor 4,3 # 1,18 dårskap kan òg omsetjast «idioti» eller «vanvit». For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft. 19#Jes 29,14 For det står skrive:
Eg vil gjera ende på visdomen hos dei vise,
og klokskapen hos dei kloke vil eg gjera til inkjes.
20 # Jes 19,12; 33,18; 44,25 Kvar er så dei vise? Kvar er dei skriftlærde? Kvar er dei kloke hovuda i denne verda? Har ikkje Gud vist at visdomen i verda er dårskap? 21#Matt 11,25; Rom 1,21f For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna i hans visdom, då valde Gud å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22#Matt 12,38; 16,1ff; Joh 2,18+ For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23#Luk 2,34; Rom 9,32; 1 Kor 2,14 men vi forkynner ein krossfest Kristus. Han er ein snublestein for jødar og ein dårskap for heidningar. 24#Kol 2,3 Men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25For Guds dårskap er visare enn menneske, og Guds veikskap er sterkare enn menneske.
26 # Joh 7,48 Sjå berre kven de sjølve er, sysken, de som vart kalla: ikkje mange vise etter menneskelege mål og ikkje mange mektige eller av fornem slekt. 27#Luk 14,21; Jak 2,5 Men det som går for å vera dårskap i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skamme. Det som blir rekna som veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skamme. 28Ja, det som står lågt i verda, det som blir sett ned på, det som ikkje er noko, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29#Rom 3,27; Ef 2,9 for at ingen menneske skal ha noko å vera stolte av for Gud. 30#Jer 23,5f; 2 Kor 5,21; Ef 1,7 De er hans verk i Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31#Jer 9,23f; 2 Kor 10,17den som er stolt, skal vera stolt av Herren, slik det står skrive.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk