1. Krønikebok 6
N11NN
6
Ætta til Levi
1 # 1 Mos 46,11 Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari. 2Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. 3#2 Mos 6,20.23 Borna til Amram var Aron, Moses og Mirjam. Og sønene til Aron var Nadab, Abihu, Elasar og Itamar. 4Elasar fekk sonen Pinhas, og Pinhas fekk Abisjua; 5Abisjua fekk sonen Bukki, og Bukki fekk Ussi; 6Ussi fekk sonen Serahja, og Serahja fekk Merajot; 7Merajot fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Ahitub; 8#2 Sam 8,17; 15,27 Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Ahimaas; 9Ahimaas fekk sonen Asarja, og Asarja fekk Johanan; 10#2 Krøn 26,17ff Johanan fekk sonen Asarja; det var han som gjorde presteteneste i det tempelet Salomo hadde bygd i Jerusalem. 11Asarja fekk sonen Amarja, og Amarja fekk Ahitub; 12Ahitub fekk sonen Sadok, og Sadok fekk Sjallum; 13#2 Kong 22,4 Sjallum fekk sonen Hilkia, og Hilkia fekk Asarja; 14Asarja fekk sonen Seraja, og Seraja fekk sonen Josadak. 15#2 Kong 25,11 Men Josadak laut fara med då Herren dreiv Juda og Jerusalem i eksil ved handa til Nebukadnesar.
16Sønene til Levi var Gersjom, Kehat og Merari. 17#2 Mos 6,17 Dette er namna på sønene til Gersjom: Libni og Sjimi. 18Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel. 19Og sønene til Merari var Mahli og Musji.
Dette er levittslektene, nemnde etter fedrane deira: 20Gersjom hadde sonen Libni; hans son var Jahat, hans son Simma, 21hans son Joah, hans son Iddo, hans son Serah og hans son Jeotrai.
22 # 2 Mos 6,24 Kehat hadde sonen Amminadab; hans son var Korah, hans son Assir, 23hans son Elkana, hans son Ebjasaf, hans son Assir, 24hans son Tahat, hans son Uriel, hans son Ussia og hans son Saul. 25Sønene til Elkana var Amasai og Ahimot; 26hans son var Elkana, hans son Sofai, hans son Nahat, 27#1 Sam 1,1.20 hans son Eliab, hans son Jeroham og hans son Elkana. 28Samuel hadde to søner; den førstefødde heitte Joel, og den andre heitte Abia.
29Merari hadde sonen Mahli; son hans var Libni, son hans Sjimi og son hans Ussa; 30hans son var Sjima, hans son Haggia og hans son Asaja.
Tempelsongarane
31Dette er dei mennene som David innsette til leiarar for songen i Herrens hus då paktkista hadde fått kvilestaden sin der. 32Før Salomo hadde bygd tempelet i Jerusalem, gjorde dei teneste som songarar framfor teltheilagdomen, Guds bustad. Der stod dei og gjorde tenesta si etter forskriftene. 33Dette er tempelsongarane og sønene deira: av Kehat-sønene: songaren Heman, son til Joel, son til Samuel, 34son til Elkana, son til Jeroham, son til Eliel, son til Toah, 35son til Sif, son til Elkana, son til Mahat, son til Amasai, 36son til Elkana, son til Joel, son til Asarja, son til Sefanja, 37son til Tahat, son til Assir, son til Ebjasaf, son til Korah, 38son til Jishar, son til Kehat, son til Levi, som var son til Israel.
39Asaf, bror til Heman, som stod på høgre sida hans, var son til Berekja, son til Sjima, 40son til Mikael, son til Baaseja, son til Malkia, 41son til Etni, son til Serah, son til Adaja, 42son til Etan, son til Simma, son til Sjimi, 43son til Jahat, son til Gersjom, som var son til Levi.
44Merari-sønene, brørne deira, stod på venstre sida: Etan, son til Kisji, son til Abdi, son til Malluk, 45son til Hasjabja, son til Amasja, son til Hilkia, 46son til Amsi, son til Bani, son til Sjemer, 47son til Mahli, son til Musji, son til Merari, som var son til Levi.
48 # 4 Mos 3,9; 8,19 Brørne deira, dei andre levittane, var sette til å gjera allslags teneste i huset som er Guds bustad. 49Aron og sønene hans bar fram offer på brennofferaltaret og på røykjelsesaltaret. Dei skulle gjera all teneste i Det høgheilage og gjera soning for Israel, heilt og fullt så som Moses, Guds tenar, hadde sagt.
50Dette var etterkomarane av Aron: Elasar, hans son Pinhas, hans son Abisjua, 51hans son Bukki, hans son Ussi, hans son Serahja, 52hans son Merajot, hans son Amarja, hans son Ahitub, 53hans son Sadok og hans son Ahimaas.
Bustadene til levittane
54 # Jos 21,10–19 Dette er bustadene til levittane, teltleirane som dei hadde innanfor landområdet sitt: Først vart det kasta lodd for Aron-sønene av Kehat-slekta, 55og dei fekk Hebron i Juda med beitemarkene rundt ikring. 56Men åkerlandet og landsbyane som høyrde byen til, fekk Kaleb, son til Jefunne. 57Aronittane fekk fribyane Hebron og Libna med beitemarker, Jattir og Esjtemoa med beitemarker, 58Hilen med beitemarker og Debir med beitemarker, 59Asjan med beitemarker og Bet-Sjemesj med beitemarker, 60og frå Benjamin-stammen Geba med beitemarker, Alemet med beitemarker og Anatot med beitemarker. I alt hadde dei tretten byar for slektene sine. 61#Jos 21,5–8 Dei andre Kehat-sønene, ætt for ætt, fekk ved loddkasting ti byar frå halve Manasse-stammen.
62Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk tretten byar frå Jissakar-stammen, Asjer-stammen, Naftali-stammen og Manasse-stammen i Basan. 63Merari-sønene, slekt for slekt, fekk ved loddkasting tolv byar frå Ruben-stammen, Gad-stammen og Sebulon-stammen. 64Desse byane og beitemarkene som høyrde til, gav israelittane til levittane. 65Ved loddkasting fekk dei desse byane som er nemnde her, frå Juda-stammen, Simon-stammen og Benjamin-stammen.
66 # Jos 21,20–39 Dei andre av Kehats etterkomarar fekk desse byane av Efraim-stammen: 67fribyane Sikem i Efraim-fjella med beitemarker og Geser med beitemarker, 68Jokmeam med beitemarker og Bet-Horon med beitemarker, 69Ajjalon med beitemarker og Gat-Rimmon med beitemarker, 70og av den eine halvparten av Manasse-stammen Aner med beitemarker og Bileam med beitemarker. Dette fekk dei andre Kehat-sønene, slekt for slekt.
71Gersjom-sønene, slekt for slekt, fekk av den andre halvparten av Manasse-stammen Golan i Basan med beitemarker og Asjtarot med beitemarker; 72av Jissakar-stammen Kedesj med beitemarker og Daberat med beitemarker, 73Ramot med beitemarker og Anem med beitemarker; 74av Asjer-stammen Masjal med beitemarker og Abdon med beitemarker, 75Hukok med beitemarker og Rehob med beitemarker; 76og av Naftali-stammen Kedesj i Galilea med beitemarker, Hammon med beitemarker og Kirjatajim med beitemarker.
77 # 6,77 Dei andre Merari-sønene resten av levittane. Dei andre Merari-sønene fekk av Sebulon-stammen Rimmon med beitemarker og Tabor med beitemarker; 78på den andre sida av Jordan ved Jeriko, aust for Jordan, fekk dei av Ruben-stammen Beser i ørkenen med beitemarker og Jahsa med beitemarker, 79Kedemot med beitemarker og Mefaat med beitemarker, 80og av Gad-stammen Ramot i Gilead med beitemarker og Mahanajim med beitemarker, 81Hesjbon med beitemarker og Jaser med beitemarker.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk