1. Krønikebok 5
N11NN
5
Stammane austafor Jordan
1 # 1 Mos 35,22 Sønene til Ruben, Israels førstefødde son. – Han var den førstefødde, men fordi han vanæra leiet til far sin, vart førstefødselsretten gjeven vidare til etterkomarane av Josef, son til Israel. Og Ruben vart ikkje oppskriven som den førstefødde i slektsregisteret. 2#1 Mos 49,8ff Juda vart den mektigaste mellom brørne, og frå han skulle fyrsten koma. Men Josef hadde førstefødselsretten. –
3 # 2 Mos 6,14 Sønene til Ruben, eldste son til Israel, var Henok, Pallu, Hesron og Karmi. 4Son til Joel var Sjemaja, hans son var Gog og hans son Sjimi. 5Hans son var Mika, hans son Reaja og hans son Baal. 6#2 Kong 15,29 Hans son var Beera, som Tiglat-Pileser, kongen av Assur, førte i eksil. Han var leiar for Ruben-stammen. 7Brørne hans, slekt for slekt, som dei stod oppskrivne i slektsregistra, var Je'iel, hovdingen, Sakarja 8#Jos 13,15–23 og Bela, son til Asas, som var son til Sjema, Joels son.
Dei budde i Aroer og heilt bort til Nebo og Baal-Meon. 9Austover busette dei seg heilt til den ørkenen som strekkjer seg frå elva Eufrat. For buskapen deira hadde auka sterkt i Gilead. 10I Sauls dagar førte dei krig med hagrittane og la dei under seg. Dei busette seg i telta deira langsmed heile austsida av Gilead.
11Gads stamme budde midt imot dei i Basan-landet, heilt til Salka. 12Joel var den fremste mellom dei, etter han kom Sjafam, så Janai, dommaren i Basan, 13og brørne deira, familie for familie: Mikael, Mesjullam, Sjeba, Jorai, Jakan, Sia og Eber, sju i alt. 14Desse var sønene til Abihajil, son til Huri, son til Jaroah, son til Gilead, son til Mikael, son til Jesjisjai, son til Jahdo, som var son til Bus. 15Ahi, son til Abdiel, Guni sin son, var leiar for familiane deira. 16Dei budde i Gilead og Basan og i småbyane der ikring, og på alle beitemarkene i Saron, så langt dei rekk. 17#2 Kong 14,23; 15,7 Dei vart alle oppskrivne i slektsregister i dei dagane då Jotam var konge i Juda og Jeroboam var konge i Israel.
18Ruben-stammen og Gad-stammen og halve Manasse-stammen hadde djerve menn som bar skjold og sverd og spente bogen, og som var opplærte til krig. Dei var 44 760 stridsføre menn. 19Dei førte krig mot hagrittane, Jetur, Nafisj og Nodab. 20Dei fekk hjelp imot dei, og hagrittane og alle som var i lag med dei, vart gjevne over i deira hender. For dei ropa til Gud i kampen, og dei vart bønhøyrde fordi dei sette si lit til han. 21Dei tok med seg buskapen til fienden: 50 000 kamelar, 250 000 småfe, 2000 esel og dessutan 100 000 menneske. 22Det var mange drepne og falne, for denne krigen var frå Gud. Sidan budde dei der i staden for hagrittane heilt til eksilet.
23Den eine halvparten av Manasse-stammen budde i landet frå Basan og til Baal-Hermon, Senir og Hermon-fjellet. Og dei vart talrike. 24Dette var leiarane for familiane deira: Efer, Jisji, Eliel, Asriel, Jeremia, Hodavja og Jahdiel. Dei var modige krigarar og namngjetne menn, leiarar for familiane sine.
25Men dei var trulause mot sine fedrars Gud. Dei hora med dei gudane som folka der i landet dyrka, dei som Gud hadde rydda ut for dei. 26#2 Kong 15,29; 17,6#5,26 Halah … Gosan-elva stader i Mesopotamia. Jf. 2 Kong 17,6. Då eggja Israels Gud Tiglat-Pileser mot dei, kongen av Assur, han som dei òg kalla Pul. Han førte dei i eksil, både rubenittane, gadittane og halve Manasse-stammen. Han tok dei til Halah, Habor, Hara og Gosan-elva, og der har dei vore til denne dag.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk