1. Krønikebok 3

3
Ætta til David
1 # 2 Sam 3,2–5 # 3,1 Daniel Sonen til Abigajil heiter i 2 Sam 3,3 Kilab. Dette er dei sønene som David fekk i Hebron: Den førstefødde var Amnon, som han fekk med Ahinoam frå Jisreel. Den andre var Daniel, som han fekk med Abigajil frå Karmel. 2Den tredje var Absalom, son til Maaka, som var dotter til Talmai, kongen i Gesjur. Den fjerde var Adonja, son til Haggit. 3Den femte var Sjefatja, son til Abital, og den sjette var Jitream, son til Egla, kona til David. 4Desse seks sønene fekk han i Hebron, der han styrte i sju år og seks månader. I trettitre år styrte han i Jerusalem.
5 # 2 Sam 5,14–16 Dette er dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjima, Sjobab, Natan og Salomo – desse fire fekk han med Batseba, dotter til Ammiel – 6Jibhar, Elisjua og Elifelet, 7Nogah, Nefeg og Jafia, 8Elisjama, Eljada og Elifelet, i alt ni. 9#2 Sam 13,1 Alle desse var sønene til David. Dessutan hadde han søner med følgjekonene sine. Og Tamar var syster deira.
10 # 1 Kong 11,43 Son til Salomo var Rehabeam, hans son Abia, hans son Asa og hans son Josjafat. 11Hans son var Joram, hans son Ahasja og hans son Joasj. 12Hans son var Amasja, hans son Asarja og hans son Jotam. 13Hans son var Ahas, hans son Hiskia og hans son Manasse. 14Hans son var Amon og hans son Josjia. 15#3,15 Sjallum blir i 2 Kong 23,30f kalla Joahas. Sønene til Josjia var Johanan, den førstefødde, den andre var Jojakim, den tredje var Sidkia, og den fjerde var Sjallum. 16Sønene til Jojakim var Jekonja og Sidkia.
17Sønene til Jekonja, han som levde i fangenskap, var Sjealtiel, 18Malkiram, Pedaja, Sjenassar, Jekamja, Hosjama og Nedabja. 19#3,19 Serubabel Andre stader blir Sjealtiel rekna som far til Serubabel. Jf. Hag 1,1; 2,23; Esra 3,2.8; Neh 12,1. Sønene til Pedaja var Serubabel og Sjimi. Og sønene til Serubabel var Mesjullam og Hananja – dei hadde ei syster som heitte Sjelomit – 20dessutan Hasjuba, Ohel, Berekja, Hasadja og Jusjab-Hesed, fem i alt. 21Etterkomarane av Hananja var Pelatja og Jesaja, dessutan etterkomarane av Refaja, Arnan, Obadja og Sjekanja. 22Son til Sjekanja var Sjemaja, og sønene til Sjemaja var Hattusj, Jigal, Bariak, Nearja og Sjafat, seks i alt. 23Sønene til Nearja var Eljoenai, Hiskia og Asrikam, tre i alt. 24Sønene til Eljoenai var Hodavja, Eljasjib, Pelaja, Akkub, Johanan, Delaja og Anani, sju i alt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring