1. Krønikebok 29
N11NN

1. Krønikebok 29

29
Frivillige gåver til tempelbygget
1 # 22,5 Kong David sa til heile forsamlinga: «Salomo, son min, er den einaste som Gud har valt ut. Men han er ung og urøynd, og arbeidet er stort. For tempelborga skal ikkje vera for menneske, men for Herren Gud. 2#22,14 Av all mi kraft har eg gjort førebuingar til min Guds hus. Eg har skaffa gull til det som skal lagast av gull, sølv til det som skal lagast av sølv, bronse til det som skal lagast av bronse, jern til det som skal lagast av jern, og tre til det som skal lagast av tre, dessutan onyks-steinar og steinar til innfelling, skinande og fargesprakande steinar, allslags dyre steinar, og alabast i mengd. 3I glede over min Guds hus vil eg òg gje det eg sjølv eig av gull og sølv, til min Guds hus, forutan alt det eg har samla til heilagdomen, 4#29,4 3000 talentar, 7000 talentar ca. 102 600 kg og 239 400 kg. 3000 talentar gull, gull frå Ofir, og 7000 talentar reinsa sølv til å kle veggene i bygningane med. 5#2 Mos 35,4ff Så blir det gull til alt som skal lagast av gull, og sølv til alt som skal lagast av sølv, til alt arbeidet som handverkarane skal gjera. Kven er i dag villig til å fylla hendene sine med gåver og koma til Herren
6Då kom dei villig med gåver, både leiarane for familiane og for Israels stammar, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og leiarane for kongens arbeid. 7#29,7 5000 talentar og 10 000 dareikar ca. 171 000 kg og ca. 84 kg. 10 000, 18 000, 100 000 talentar ca. 342 000 kg, 615 600 kg og 3 420 000 kg. 5000 talentar og 10 000 dareikar gull, 10 000 talentar sølv, 18 000 talentar bronse og 100 000 talentar jern gav dei til arbeidet på Guds hus. 8Og dei som eigde kostbare steinar, gav dei til skattkammeret i Herrens hus, som gersjonitten Jehiel hadde ansvaret for. 9Folket gledde seg over at dei gav så villig. For av eit heilt hjarte kom dei til Herren med dei frivillige gåvene sine. Også kong David gledde seg stort.
Davids lovprising
10Framfor heile forsamlinga velsigna David Herren og sa:
Velsigna er du, Herre, vår far Israels Gud, frå æve til æve!
11 # Matt 6,13; Op 4,11; 5,12 Deg, Herre, høyrer stordom til og makt,
herlegdom, ære og majestet,
alt som er i himmelen og på jorda.
Ditt er riket, Herre,
og du er opphøgd som overhovud over alt.
12 # 2 Krøn 20,6 Rikdom og ære kjem frå deg,
og du rår over alle ting.
I di hand er kraft og styrke.
Det står i di makt å gjera alt stort og sterkt.
13Og no, vår Gud, takkar vi deg
og lovsyng ditt herlege namn.
14 # 2 Krøn 2,6 For kven er eg, og kven er folket mitt?
Skulle vi vera i stand til å gje slike frivillige gåver?
Nei, alt kjem frå deg.
Det vi gjev, kjem frå di hand.
15 # 3 Mos 25,23; Job 14,2; Sal 39,13; 90,10; 144,4; Hebr 11,13 For vi er framande framfor ditt andlet
og gjester som alle fedrane våre.
Som ein skugge er dagane våre på jorda
og utan von.
16 Herre, vår Gud,
all denne rikdomen som vi har samla
for å byggja eit hus for ditt heilage namn,
den kjem frå di eiga hand,
og alt er ditt.
17 # Sal 7,10; Op 2,23 Min Gud, eg veit at du ransakar hjarta
og har glede i ærlegdom.
Av ærleg hjarte og fri vilje har eg gjeve deg alt dette.
Og med glede har eg no sett
korleis folket ditt, som her er til stades,
villig gjev deg gåvene sine.
18 Herre, Abrahams, Isaks og Israels Gud, våre fedrars Gud!
Lat alltid folket ditt ha slike tankar og planar i hjartet,
og vend hjartet deira til deg!
19Gjev Salomo, son min, eit heilt hjarte,
så han held dine bod, lover og forskrifter,
fullfører alt som skal gjerast,
og reiser tempelborga som eg har førebudd.
Salomo blir konge etter David
20Sidan sa David til heile forsamlinga: «Velsign Herren dykkar Gud!» Og heile forsamlinga velsigna Herren, sine fedrars Gud. Dei fall ned og bøygde seg for Herren og kongen. 21Neste dag bar dei fram slaktoffer og brennoffer for Herren: tusen oksar, tusen vêrar og tusen lam, med dei drikkoffera som høyrer til, ei stor mengd med slaktoffer for heile Israel. 22#1 Kong 1,33ff; 1 Krøn 23,1 Den dagen åt og drakk dei for Herrens andlet med stor glede. For andre gong gjorde dei Salomo, son til David, til konge; dei salva han til fyrste for Herren, og Sadok salva dei til prest. 23Salomo sette seg på Herrens trone som konge etter David, far sin. Han hadde framgang. Heile Israel lydde han. 24Alle stormennene og heltane og alle sønene til kong David gav handslag til kong Salomo. 25#2 Krøn 1,1Herren gjorde Salomo stor og mektig for auga på heile Israel, og han gav han kongeleg makt som ingen konge i Israel hadde hatt før han.
David døyr
26David, son til Isai, hadde vore konge over heile Israel. 27#1 Kong 2,11 Han rådde over Israel i førti år. Sju år styrte han i Hebron og trettitre år i Jerusalem. 28Han døydde i høg alder, mett av dagar og rikdom og ære. Salomo, son hans, vart konge etter han.
29Det som er å fortelja om kong David, frå først til sist, det står skrive i krønikeboka til sjåaren Samuel, i krønikeboka til profeten Natan og i krønikeboka til sjåaren Gad. 30Der er det òg fortalt om heile hans styre og hans storverk og om alt som den gongen hende med han og Israel og alle land og rike.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk