1. Krønikebok 27

27
Hærførarane til David
1Dette er ei liste over leiarane for familiane til israelittane, tusenmannsførarane og hundremannsførarane og tilsynsmennene som tente kongen i alt det som hadde med hæravdelingane å gjera. Dei avløyste kvarandre månad for månad gjennom heile året. Kvar avdeling var på 24 000 mann.
2 # 2 Sam 23,8ff Jasjobam, son til Sabdiel, hadde ansvaret for den første avdelinga, som gjorde teneste i den første månaden. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 3Han var ein etterkomar av Peres og var overhovud for alle dei hærførarane som gjorde teneste i den første månaden. 4Dodai frå Ahoah hadde ansvaret for avdelinga som gjorde teneste i den andre månaden, og Miklot var ein av førarane. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 5Den tredje hærføraren, som gjorde teneste i den tredje månaden, var Benaja, son til hovudpresten Jojada. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 6#2 Sam 23,22ff#27,6 dei tretti >2 Sam 23,18. Denne Benaja var ein helt mellom dei tretti og stod over dei. Ammisabad, son hans, var òg med i avdelinga hans.
7 # 2 Sam 2,18 Den fjerde, som gjorde teneste i den fjerde månaden, var Asael, bror til Joab, og etter han Sebadja, son hans. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 8Den femte, som gjorde teneste i den femte månaden, var hærføraren Sjamhut, ein av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 9Den sjette, som gjorde teneste i den sjette månaden, var Ira, son til Ikkesj, frå Tekoa. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 10Den sjuande, som gjorde teneste i den sjuande månaden, var Heles frå Pelon, av Efraim-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 11#2 Sam 21,18 Den åttande, som gjorde teneste i den åttande månaden, var Sibbekai frå Husja, ein av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 12Den niande, som gjorde teneste i den niande månaden, var Abieser frå Anatot, av Benjamin-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 13Den tiande, som gjorde teneste i den tiande månaden, var Mahrai frå Netofa, av Serah-sønene. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 14Den ellevte, som gjorde teneste i den ellevte månaden, var Benaja frå Piraton, av Efraim-stammen. Avdelinga hans var på 24 000 mann. 15Den tolvte, som gjorde teneste i den tolvte månaden, var Heldai frå Netofa, av Otniel-slekta. Avdelinga hans var på 24 000 mann.
Overhovud for stammane
16Overhovuda for stammane i Israel var: for Ruben-stammen Elieser, son til Sikri; for Simon-stammen Sjefatja, son til Maaka; 17for Levi Hasjabja, son til Kemuel; for Aron Sadok; 18for Juda Elihu, ein av brørne til David; for Jissakar Omri, son til Mikael; 19for Sebulon Jisjmaja, son til Obadja; for Naftali Jerimot, son til Asriel; 20for Efraim-sønene Hosea, son til Asasja; for den eine halvparten av Manasse-stammen Joel, son til Pedaja; 21for den andre halvparten av Manasse-stammen, den i Gilead, Jiddo, son til Sakarja; for Benjamin Jaasiel, son til Abner; 22for Dan Asarel, son til Jeroham. Dette var overhovuda for stammane i Israel.
23 # 1 Mos 15,5; 5 Mos 10,22 David talde ikkje dei som var under tjue år. For Herren hadde sagt at han ville la israelittane bli talrike som stjernene på himmelen. 24#2 Sam 24,15 Joab, son til Seruja, tok til å telja, men fullførte ikkje, for det kom vreide over Israel på grunn av dette. Talet vart ikkje oppskrive i krønikeboka til kong David.
Embetsmenn
25Asmavet, son til Adiel, hadde tilsyn med skattkammera til kongen, og Jonatan, son til Ussia, med skattkammera ute på landet, i byar, landsbyar og festningstårn. 26Esri, son til Kelub, hadde ansvaret for dei som arbeidde på marka og dyrka jorda. 27Sjimi frå Rama hadde ansvaret for vinmarkene og Sabdi frå Sjefam for vinlagera. 28Baal-Hanan frå Geder hadde ansvaret for oliventrea og morbærtrea i låglandet og Joasj for oljelagera. 29Sjitrai frå Saron hadde ansvaret for storfeet som gjekk på beite i Saron, og Sjafat, son til Adlai, for storfeet i dalane. 30Obil frå Ismael hadde ansvaret for kamelane, Jehdeja frå Meronot for eselhoppene 31og Jasis, hagritten, for småfeet. Alle desse var forvaltarar over eigedomane til kong David.
32Jonatan, onkelen til David, var rådgjevar. Han var skrivar og ein forstandig mann. Jehiel, son til Hakmoni, tok seg av kongssønene. 33#2 Sam 15,12 Ahitofel var rådgjevaren til kongen, og Husjai av Arak-slekta var venen til kongen. 34#2 Sam 8,16 Etter Ahitofel kom Jojada, son til Benaja, og Ebjatar. Joab var hærføraren til kongen.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring