1. Krønikebok 23

23
Levittane får kvar sine gjeremål
1 # 1 Kong 1,33–40 Då David var gammal og mett av dagar, sette han Salomo, son sin, til konge over Israel. 2Han samla alle leiarane i Israel og prestane og levittane. 3Levittane som var tretti år eller meir, vart talde. Talet på menn, talde ein for ein, var 38 000. 4Av desse skulle 24 000 leia arbeidet på Herrens hus, og 6000 skulle vera tilsynsmenn og dommarar. 5#15,16; 2 Krøn 7,6; 29,26f; Neh 12,36; Am 6,5#23,5 som David hadde fått laga Hebr. har «eg har laga». 4000 skulle vera dørvaktarar, og 4000 skulle lovsyngja Herren til tonar frå instrument som David hadde fått laga til lovsongen.
6David delte dei inn i skift etter Levi-sønene Gersjon, Kehat og Merari. 7#2 Mos 6,17 Til Gersjon-sønene høyrde Ladan og Sjimi. 8Sønene til Ladan var Jehiel, som var den fremste, og Setam og Joel, tre i alt. 9#23,9 sønene til Sjimi Dette namnet passar ikkje til v. 8. Sannsynlegvis skal det vera sønene til Jehiel. Sønene til Sjimi var Sjelomot, Hasiel og Haran, tre i alt. Det var leiarane for Ladan-familiane. 10#23,10 Sisa Hebr. har Sina, jf. v. 11. Sønene til Sjimi var Jahat, Sisa, Je'usj og Beria. Det var Sjimi-sønene, fire i alt. 11Jahat var leiar, Sisa den neste. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner. Difor vart dei rekna som éin familie, og dei vart mønstra under eitt.
12 # 2 Mos 6,18 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i alt. 13#2 Mos 6,20; 5 Mos 10,8; Hebr 5,4 Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla det høgheilage, tenna offereld for Herrens andlet, tena han og lysa velsigning i hans namn til evig tid. 14Moses var ein Guds mann. Sønene hans vart rekna til Levi-stammen. 15Sønene til Moses var Gersjom og Elieser. 16Gersjom hadde sonen Sjubael, som var leiar. 17Son til Elieser, Rehabja, var leiar. Elieser hadde ikkje andre søner, men sønene til Rehabja var talrike. 18Jishar hadde sonen Sjelomit, som var leiar. 19Av Hebron-sønene var Jeria leiar; den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam. 20Av Ussiel-sønene var Mika leiar, og Jisjia var den neste.
21Merari-sønene var Mahli og Musji. Sønene til Mahli var Elasar og Kisj. 22Elasar døydde; han hadde ingen søner, berre døtrer. Og sønene til Kisj, slektningane deira, tok dei til koner. 23Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jeremot, tre i alt. 24Dette var Levi-sønene, familie for familie, med leiarane sine, som vart talde og nemnde med namn, ein for ein. Dei var det som stelte med tenesta i Herrens hus, og det gjorde dei frå tjueårsalderen og oppover.
25For David sa: «Herren, Israels Gud, har gjeve folket sitt fred, og han vil bu i Jerusalem til evig tid. 26Difor treng ikkje levittane meir å bera bustaden og alt utstyret som høyrer med til tenesta der.» 27Noko av det siste David gjorde, var å telja levittane som var tjue år eller meir. 28Deira oppgåve var å hjelpa aronittane med tenesta i Herrens hus, i føregardane og sideromma, med reinsinga av alt det heilage utstyret og med tenesta som skulle gjerast i Guds hus. 29#3 Mos 2,4–7; 6,14; 24,5–9 Dei skulle stella med skodebrøda, det fine mjølet til grødeofferet, dei usyra flate brøda, med det som blir steikt på helle, og med deigen som blir knadd; dei skulle òg sjå etter alle holmål og lengdemål. 30Kvar morgon skulle dei stå og takka og lovsyngja Herren, like eins kvar kveld. 31#23,31 nymånedag =festar og høgtider. Dei skulle hjelpa til kvar gong det vart bore fram brennoffer for Herren, så mange offer som var fastsette for kvar sabbat, nymånedag og høgtid, og alltid stå for Herrens andlet. 32Såleis skulle dei ha ansvar for teltheilagdomen og tempelet og hjelpa brørne sine, aronittane, når dei gjorde teneste i Herrens hus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring