1. Krønikebok 20

20
Ny krig med ammonittane og filistrane
1 # 2 Sam 11,1; 12,26–31 # 20,1 Rabba hovudstaden til ammonittane, i dag Amman. Året etter, på den tid då kongane plar fara i krig, tok Joab ut med hærstyrken og herja ammonittlandet. Han kom til Rabba og kringsette byen. Sjølv sat David heime i Jerusalem. Men Joab tok Rabba og øydela byen. 2#20,2 ein talent ca. 34,2 kg. David tok krona av hovudet på kongen deira. Han fann ut at ho var av gull og edelstein, og at ho vog ein talent. No kom ho på Davids hovud. Frå byen tok han òg med seg eit stort hærfang. 3#20,3 øksar Hebr. har «sager». Omsetjinga følgjer her 2 Sam 12,31. Folket som budde der, førte han bort. Han sette dei til å arbeida med sager, jernhakker og øksar. Slik gjorde David med alle ammonittbyane. Så fór han heim att til Jerusalem med heile hæren.
4 # 2 Sam 21,18–22 Sidan braut det ut krig med filistrane ved Geser. Der felte husjitten Sibbekai ein mann som heitte Sippai og var ein av etterkomarane av refaittane. Og dei vart kua. 5Endå ein gong kom det til slag med filistrane, og Elhanan, son til Ja'ir, felte Lahmi, bror til Goliat frå Gat, som hadde eit spydskaft så tjukt som ein vevbom. 6#20,6 Rafa-slekta >2 Sam 21,16. Sidan kom det til slag ved Gat. Der var det ein kjempehøg mann som hadde seks fingrar på kvar hand og seks tær på kvar fot, tjuefire fingrar og tær i alt. Han høyrde òg til Rafa-slekta. 7Mannen spotta Israel. Men Jonatan, son til Sjima, som var bror til David, hogg han ned. 8Desse mennene høyrde til Rafa-slekta i Gat. David og mennene hans felte dei.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring