1. Krønikebok 2
N11NN
2
Ætta til Juda
1 # 1 Mos 35,23–26 Dette er sønene til Israel: Ruben, Simon, Levi, Juda, Jissakar, Sebulon, 2Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.
3 # 1 Mos 38 Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Er, den førstefødde sonen til Juda, gjorde det som vondt var i Herrens auge, og han laga det så at han døydde. 4Med Tamar, svigerdotter si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner. 5#1 Mos 46,12 Sønene til Peres var Hesron og Hamul. 6#2,6 Simri blir kalla Sabdi òg. Jf. Jos 7,1. Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Dara, i alt fem. 7#Jos 7,1ff Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han var trulaus og tok for seg av det som var bannlyst. 8Etan hadde sonen Asarja.
9 # 2,9 Kelubai blir elles kalla Kaleb, v. 18 og 42; jf. Jos 14,6. Dei sønene som Hesron fekk, var Jerahmeel, Ram og Kelubai. 10Ram fekk sonen Amminadab, og Amminadab fekk sonen Nahsjon, som var leiar for Juda-sønene. 11Nahsjon fekk sonen Salma, og Salma fekk sonen Boas. 12Boas fekk sonen Obed, og Obed fekk sonen Isai. 13#1 Sam 16,6–13 Isai fekk søner. Den førstefødde var Eliab, den andre var Abinadab, den tredje Sjima, 14den fjerde Netanel, den femte Raddai, 15den sjette Osem, og den sjuande var David. 16#2 Sam 17,25 Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael. 17Abigajil fødde Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.
18Kaleb, son til Hesron, fekk søner med Asuba, kona si, og med Jeriot. Desse sønene var Jesjer, Sjobab og Ardon. 19Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; ho fødde sonen Hur til han. 20#2 Mos 31,2f Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
21Sidan gjekk Hesron inn til ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gammal då han tok henne til kone, og ho fødde Segub til han. 22#Dom 10,3f Segub fekk sonen Ja'ir, som hadde tjuetre byar i Gilead-landet. 23Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane til Ja'ir og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse var etterkomarar av Makir, far til Gilead.
24 # 2,24 far til Tekoa «Far» kan her og fleire andre stader i dette kapitlet og i kap. 4 også tyda grunnleggjar. Etter at Hesron var død i Kaleb-Efrata, fødde Abia, kona til Hesron, Asjhur. Han vart far til Tekoa.
25Jerahmeel, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, den førstefødde, og Buna, Oren, Osem og Ahia. 26Men Jerahmeel hadde òg ei anna kone, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam. 27Ram, den førstefødde sonen til Jerahmeel, hadde sønene Maas, Jamin og Eker. 28Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur. 29Kona til Abisjur heitte Abihajil, og ho fødde Ahban og Molid til han. 30Sønene til Nadab var Seled og Appajim. Seled døydde barnlaus. 31Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Ahlai. 32Sønene til Jada, bror til Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus. 33Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane av Jerahmeel.
34Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk slave som heitte Jarha. 35Sjesjan gav dotter si til kone for Jarha, og ho fødde Attai til han. 36Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad. 37Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed. 38Obed fekk sonen Jehu, og Jehu fekk sonen Asarja. 39Asarja fekk sonen Heles, og Heles fekk sonen Elasa. 40Elasa fekk sonen Sismai, og Sismai fekk sonen Sjallum. 41Sjallum fekk sonen Jekamja, og Jekamja fekk sonen Elisjama.
42 # 2,9 Kaleb, bror til Jerahmeel, fekk først sonen Mesja, far til Sif, og sidan sonen Maresja, far til Hebron. 43Sønene til Hebron var Korah, Tappuah, Rekem og Sjema. 44Sjema fekk sonen Raham, som vart far til Jorkeam, og Rekem fekk sonen Sjammai. 45Son til Sjammai var Maon, og Maon vart far til Bet-Sur. 46Efa, følgjekona til Kaleb, fødde Haran, Mosa og Gases, og Haran fekk sonen Gases. 47Sønene til Jodai var Regem, Jotam, Gesjan, Pelet, Efa og Sjaaf. 48Maaka, følgjekona til Kaleb, fekk sønene Sjeber og Tirhana. 49Ho fekk òg sonen Sjaaf, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa. 50Dette var etterkomarane av Kaleb.
Hur, den førstefødde til Efrat, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim, 51Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader. 52#2,52 Haroe i 4,2 kalla Reaja. Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Haroe og vart far til halve Manahat-slekta. 53Kirjat-Jearim-slektene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Folket i Sora og Esjtaol kjem frå dei. 54Etterkomarane av Salma var Betlehem, Netofa-slekta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-slekta og Sora-slekta. 55Slektene av skriftlærde som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er kinittane som kom frå Hammat, stamfar til Rekabs hus.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk