1. Krønikebok 19
N11NN

1. Krønikebok 19

19
Krig med ammonittane og aramearane
1 # 2 Sam 10,1–5 Ei tid seinare døydde Nahasj, kongen til ammonittane, og Hanun, son hans, vart konge etter han. 2Då sa David: «Eg vil gjera godt mot Hanun, son til Nahasj, for far hans gjorde godt mot meg.» Så sende David nokre utsendingar for å trøysta han i sorga over faren. Men då mennene til David kom til ammonittlandet og skulle trøysta Hanun, 3sa dei ammonittiske feltherrane til Hanun: «Trur du det er for å æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Nei, mennene hans er nok heller komne til deg for å spionera og utforska og endevenda landet.» 4Då greip Hanun mennene til David. Han barberte av dei skjegget, klipte kleda deira i to opp til baken og sende dei frå seg. 5Det kom folk til David og fortalde om mennene. Då sende han folk i møte med dei, for dei hadde vorte stygt vanæra. Kongen sa til dei: «Hald dykk i Jeriko til skjegget har vakse ut att. Så kan de koma heim.»
6 # 2 Sam 10,6–19 # 19,6 1000 talentar ca. 34 200 kg. mellom elvane Eufrat og Tigris. Ammonittane skjøna at dei hadde gjort seg hata av David. Hanun og ammonittane sende 1000 talentar sølv for å leiga vogner og ryttarar frå aramearriket mellom elvane og frå aramearriket Maaka og frå Soba. 7#19,7 Medeba by på høgsletta i Moab. Jf. Jos 13,9. Dei leigde seg 32 000 vogner og fekk med seg kongen i Maaka og krigsfolket hans. Alle desse kom og slo leir utanfor Medeba. Ammonittane samla seg òg frå byane sine og drog i hærferd.
8Då David høyrde dette, sende han Joab av stad med elitetroppane i hæren. 9Ammonittane drog ut og fylka seg til kamp framfor byporten. Men kongane som var komne dit, stod for seg sjølve på open mark. 10Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut nokre av dei beste krigarane i Israel og stilte dei opp mot aramearane. 11Resten av hæren lét han Absjai, bror sin, få hand over, og dei fylka seg mot ammonittane. 12Så sa han: «Blir aramearane for sterke for meg, må du koma meg til hjelp; og blir ammonittane for sterke for deg, skal eg hjelpa deg. 13#1 Sam 3,18; Apg 21,14 Ver sterk! Lat oss vera uredde i kampen for folket vårt og for byane til vår Gud, så får Herren gjera det som er best i hans auge.» 14Så gjekk Joab og mennene hans til åtak på aramearane, og dei flykta for han. 15Då ammonittane såg at aramearane rømde, flykta dei òg for Absjai, bror til Joab, og kom seg inn i byen. Då drog Joab tilbake til Jerusalem.
16Då aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, sende dei bodberarar til aramearane som budde på andre sida av Eufrat, og fekk dei til å ta ut. Sjofak, hærføraren til Hadadeser, førte dei. 17Då David fekk melding om dette, samla han heile Israel og sette over Jordan. Han kom mot dei og fylka hæren. David fylka hæren for å møta aramearane i krig. Og dei gjekk til åtak på han. 18Men aramearane måtte flykta for israelittane, og David drap mannskapet på 7000 av stridsvognene til aramearane og 40 000 mann av fotfolket. Sjofak, hærføraren, drap han òg. 19Då mennene til Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, slutta dei fred med David og gav seg under han. Sidan ville ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk