1. Krønikebok 16

16
Lovsongen til levittane
1Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud. 2Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn. 3Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne. 4Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud. 5Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane, 6og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista. 7Den dagen sette David for første gong Asaf og brørne hans til å prisa Herren:
8 # Sal 105,1–15 Pris Herren, kall på hans namn,
gjer gjerningane hans kjende blant folka!
9Syng for han og spel for han,
syng om alle hans under!
10Ver stolte over hans heilage namn!
Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
11Spør etter Herren og hans makt,
søk alltid hans andlet!
12Kom i hug det underfulle han har gjort,
teikna hans og lovene frå hans munn,
13du ætt av Israel, hans tenar,
Jakobs søner, som han har valt ut.
14Han er Herren vår Gud,
lovene hans gjeld over heile jorda.
15Hugs hans pakt til evig tid,
ordet han gav, i tusen slektsledd,
16 # 1 Mos 15,18; 26,3 pakta han gjorde med Abraham,
og eiden han svor til Isak.
17Dette sette han opp som forskrift for Jakob,
som ei evig pakt for Israel.
18Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaan
til arv og eige.»
19 # 1 Mos 34,30 Der var de ein liten flokk,
få og framande.
20Dei vandra frå folk til folk,
frå det eine riket til det andre.
21 # 1 Mos 12,17 Men han lét ingen få undertrykkja dei,
han refsa kongar for deira skuld:
22 # 1 Mos 20,7 «Rør ikkje dei som eg har salva,
gjer ikkje vondt mot mine profetar!»
23 # Sal 96 Syng for Herren, all jorda!
Forkynn hans frelse frå dag til dag!
24Fortel mellom folkeslag om hans herlegdom,
mellom alle folk om hans under!
25 # 2 Mos 15,11 For Herren er stor og verdig lov og pris,
verd å frykta meir enn alle gudar.
26Alle gudane til folka er avgudar.
Det var Herren som skapte himmelen.
27Høgd og herlegdom er framfor han,
makt og glans på hans heilage stad.
28Gjev Herren ære, de folk og slekter,
gjev Herren ære og makt!
29Gjev Herren den ære hans namn skal ha.
Kom fram for han med gåver!
Bøy dykk for Herren
i heilag prakt!
30Skjelv for han, all jorda!
Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.
31 # Sal 97,1 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.
Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.
32Havet og alt som fyller det, skal brusa.
Marka skal jubla med alt ho ber.
33Då ropar kvart tre i skogen av fryd
for Herrens andlet,
for han kjem for å dømma jorda.
34 # Sal 106,1 Takk Herren, for han er god,
evig varer hans miskunn!
35 # Sal 106,47f De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.
Sank oss inn og berg oss frå folka,
så vi kan prisa ditt heilage namn
og uredde lovsyngja deg.
36Velsigna er Herren, Israels Gud,
frå æve til æve!
Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.
Tenesta ved paktkista
37David lét Asaf og songbrørne hans vera der framfor Herrens paktkiste. Dei skulle ha som fast oppgåve å gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag, 38og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i alt. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar. 39Men presten Sadok og prestebrørne hans lét han vera ved Herrens bustad på offerhøgda i Gibeon. 40#2 Mos 29,38ff; 2 Krøn 13,11 Dei skulle ha som fast oppgåve å bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel. 41Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, prisa Herren og seia: «Evig varer hans miskunn!» 42Hos Heman og Jedutun var det trompetar og symbalar til å spela på og andre instrument til songen i gudstenesta. Jedutun-sønene var dørvaktarar.
43Så gjekk heile folket heim att, kvar til sitt, og David vende heim for å velsigna sitt hus.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring