1. Krønikebok 12
N11NN

1. Krønikebok 12

12
Folket sluttar opp om David
1 # 12,1 Siklag >1 Sam 27,6. Dette er dei som kom til David i Siklag medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til heltane som hjelpte han i kampen. 2Dei var væpna med boge, og med både høgre og venstre hand kunne dei slyngja steinar og skyta piler med bogen. Dei høyrde til Saul sine slektningar, av Benjamin-stammen. 3Det var hovdingen Ahieser, Joasj, son til Sjemaa frå Gibea; Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot; 4Jisjmaja frå Gibeon, ein helt mellom dei tretti og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera; 5Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf; 6Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-slekta; 7Joela og Sebadja, sønene til Jeroham, frå Gedor.
8 # 12,8 fjellborga >1 Sam 22,4. Av gadittane gjekk nokre over til David då han var i fjellborga i ørkenen. Dei var djerve krigarar, væpna med skjold og spyd, menn som var vande med å kjempa. Dei såg ut som løver og var raske som gasellar på fjella. 9Den første var Eser, den andre Obadja, den tredje Eliab, 10den fjerde Misjmanna, den femte Jeremia, 11den sjette Attai, den sjuande Eliel, 12den åttande Johanan, den niande Elsabad, 13den tiande Jeremia og den ellevte Makbannai. 14Desse høyrde til Gad-stammen og var hærførarar. Den minste av dei stod over hundre, den største over tusen. 15Det var dei som kryssa Jordan i den første månaden, då elva gjekk over sine bredder. Dei dreiv alle som budde i dalen, på flukt, både mot aust og mot vest.
16Ein gong kom det nokre frå Benjamin og Juda til David i fjellborga. 17#Sal 7,4ff David gjekk ut til dei, tok til orde og sa: «Kjem de til meg i fredeleg ærend og vil hjelpa meg, så vil eg heilhjarta gjera felles sak med dykk. Men kjem de og vil svika meg og gje meg over til fiendane mine, endå mine hender ingen urett har gjort, måtte då våre fedrars Gud sjå det og straffa dykk!» 18Då kom Anden over Amasai, hovdingen for dei tretti, og han sa:
Vi høyrer deg til, David,
vi er med deg, Isais son.
Fred, fred med deg
og fred over hjelparane dine!
For din Gud er din hjelpar.
Då tok David imot dei og sette dei til hovdingar i flokken sin.
19 # 1 Sam 29,4 Nokre frå Manasse gjekk òg over til David. Det var den gongen han gjekk med filistrane for å kjempa mot Saul. Men David vart ikkje til noka hjelp for dei. For filistarhovdingane rådslo og vart samde om å senda han bort. «Det kan kosta oss hovudet», sa dei, «om han går over til Saul, herren sin.» 20Då han så drog til Siklag, gjekk nokre frå Manasse over til han. Det var Adna, Josabad, Jediael, Mikael, Josabad, Elihu og Silletai. Dei var førarar for dei tusen som høyrde Manasse til. 21#1 Sam 30,1ff Dei hjelpte David mot røvarflokkane, for dei var djerve krigarar alle saman, og dei vart hærførarar. 22Dag etter dag kom det folk til David og ville hjelpa han. Til sist vart det ein veldig hær.
23 # 2 Sam 5,1ff Dette er talet på dei våpenføre mennene som kom til David i Hebron og ville føra kongedømet over frå Saul til David, så som Herren hadde sagt. 24Av Juda-stammen, menn som bar skjold og spyd, 6800 våpenføre menn, 25av Simon-stammen 7100 tapre krigarar; 26av Levi-stammen 4600 mann, 27dessutan Jojada, føraren for aronittane, med 3700 mann, 28og Sadok, ein ung og djerv krigar, med si slekt, til saman 22 førarar; 29av Benjamin-stammen, Sauls slektningar, 3000 mann; til då hadde storparten av dei vore i teneste for Sauls hus; 30av Efraim-stammen 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i familiane sine; 31av den eine halvparten av Manasse-stammen 18 000 mann som var utpeika til å fara av stad og gjera David til konge; 32av Jissakar-stammen 200 førarar, som hadde innsikt i å tyda tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, og alle slektningane som var under dei; 33av Sebulon-stammen 50 000 våpenføre menn. Dei var rusta med alle slag våpen, ei fylking som heilhjarta ville hjelpa; 34av Naftali-stammen 1000 førarar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd; 35av Dan-stammen 28 600 menn rusta til kamp; 36av Asjer-stammen 40 000 våpenføre menn rusta til kamp; 37frå den andre sida av Jordan, av Ruben-stammen og Gad-stammen og den andre halvparten av Manasse-stammen, 120 000 mann. Dei var alle rusta til kamp med mange slags våpen.
38Alle desse krigarane kom i slutta orden til Hebron med fast vilje til å gjera David til konge over heile Israel. Og alle dei andre israelittane var òg samde om å gjera David til konge. 39I tre dagar var dei hos David. Dei åt og drakk; for landsmennene deira sytte vel for dei. 40Også frå grannelaget, ja, jamvel heilt frå Jissakar, Sebulon og Naftali, kom dei med mat på esel, kamelar, muldyr og oksar: mjøl, fikenkaker, rosinkaker, vin og olje og storfe og småfe i mengd. For no var det glede i Israel.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk