1. Samuelsbok 6

6
Herrens paktkiste kjem tilbake
1Herrens paktkiste hadde vore i filistarlandet i sju månader, 2#5,8 kalla filistrane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne tilbake dit ho høyrer heime!» 3Dei svara: «Sender de paktkista til Israels Gud frå dykk, så send ikkje snaue kista; de må gje noko til vederlag. Då skal de bli friske att, og de skal få vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.» 4Filistrane spurde: «Kva vederlag skal vi gje?» Dei andre svara: «Fem byllar av gull og fem mus av gull, etter talet på byhovdingane til filistrane. For det er ei og same plaga som har råka dykk alle, også byhovdingane. 5De skal laga etterlikningar av byllane dykkar og av musene som herjar landet, og gje Israels Gud ære. Kanskje tek han då si tunge hand bort frå dykk, gudane dykkar og landet dykkar. 6#2 Mos 7,13; 8,15; 12,31 Kvifor gjer de hjartet dykkar hardt slik som egyptarane og farao gjorde? Måtte dei ikkje la Israel sleppa fri og dra av stad etter at Herren hadde late dei kjenna si makt? 7#4 Mos 19,2; 2 Sam 6,3 Lag no ei ny vogn og hent to kyr som har kalva, og som enno ikkje har fått åk på seg. Spenn kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og la dei vera att heime. 8Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin ved sida av paktkista. Send henne så av garde! 9Sjå etter om ho tek vegen opp til grensa mot Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men tek ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har ramma oss. Då er det berre eit tilfelle at dette hende oss.»
10Mennene så gjorde. Dei henta to kyr som nyleg hadde kalva, og spente dei føre vogna. Men kalvane heldt dei att heime. 11Dei sette Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmusene og etterlikningane av byllane. 12Kyrne tok strake vegen mot Bet-Sjemesj. Dei følgde same vegen og rauta heile tida. Dei bøygde ikkje av, korkje til høgre eller til venstre. Byhovdingane til filistrane følgde etter heilt til grensa mot Bet-Sjemesj. 13I Bet-Sjemesj heldt folket på å skjera kveiten nede i dalen. Då dei såg opp, fekk dei auge på paktkista, og dei vart glade då dei såg henne. 14#2 Sam 24,22 Vogna kom inn på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj og stogga. Der låg det ein stor stein. Dei hogg sund treverket i vogna og ofra kyrne som brennoffer til Herren. 15Levittane tok ned Herrens paktkiste og skrinet med gullsakene som stod ved sida av henne, og sette dei på den store steinen. Den dagen ofra mennene i Bet-Sjemesj brennoffer og slaktoffer til Herren. 16Hovdingane over dei fem filistarbyane såg på dette og vende same dagen attende til Ekron.
17Dette er dei gullbyllane som filistrane gav Herren til vederlag: ein for Asjdod, ein for Gaza, ein for Asjkalon, ein for Gat og ein for Ekron. 18Gullmusene svara til talet på alle dei byane som låg under dei fem filistarhovdingane, både festningsbyane og landsbyane. Eit vitne om dette er den store steinen på jordet til Josva frå Bet-Sjemesj, steinen som dei sette Herrens paktkiste på. Steinen ligg der den dag i dag.
19 # 4 Mos 4,20; 2 Sam 6,7 # 6,19 Sytti mann Både =masoretteksten og =Septuaginta har «Sytti mann, femti tusen mann», men «femti tusen mann» manglar i nokre hebr. handskrifter. Men Herren slo ned nokre av mennene i Bet-Sjemesj fordi dei hadde sett på Herrens paktkiste. Sytti mann slo han ned. Folket sørgde over det harde slaget Herren hadde gjeve dei. 20#Sal 76,8; Mal 3,2 Då sa mennene i Bet-Sjemesj: «Kven kan stå for andletet til Herren, den heilage Gud? Og kven skal han gå til når vi sender han frå oss?» 21#6,21 Kirjat-Jearim by i Juda, på vegen mellom Bet-Sjemesj og Jerusalem. Så sende dei bod til folket i Kirjat-Jearim og sa: «Filistrane har sendt Herrens paktkiste tilbake. Kom og hent henne opp til dykk!»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring