1. Krønikebok 24

24
Prestane blir inndelte i skift
1 # 2 Mos 6,23 Aronittane òg vart inndelte i skift. Sønene til Aron var Nadab og Abihu, Elasar og Itamar. 2#3 Mos 10,1f Men Nadab og Abihu døydde før far sin, og dei hadde ingen søner. Difor vart berre Elasar og Itamar prestar. 3#2 Krøn 8,14 Saman med Sadok av Elasar-sønene og Ahimelek av Itamar-sønene delte David dei inn i grupper etter den tenesta dei skulle ha. 4Då det viste seg at Elasar-sønene hadde fleire leiarar enn Itamar-sønene, delte dei inn slik at Elasar-sønene fekk seksten leiarar for sine familiar og Itamar-sønene åtte for sine familiar. 5Begge vart inndelte ved loddkasting. For det fanst leiarar for heilagdomen, leiarar for Gud, både mellom Elasar-sønene og Itamar-sønene. 6Skrivaren Sjemaja, son til Netanel, ein av levittane, skreiv dei opp i nærvær av kongen og stormennene, presten Sadok og Ahimelek, son til Ebjatar, og leiarane for familiane til prestane og levittane. Ein familie frå Elasar-slekta og ein familie frå Itamar-slekta vart tekne ut skiftevis.
7Det første loddet fall på Jojarib, det andre på Jedaja, 8det tredje på Harim, det fjerde på Seorim, 9det femte på Malkia, det sjette på Mijamin, 10#Luk 1,5 det sjuande på Hakkos, det åttande på Abia, 11det niande på Jesjua, det tiande på Sjekanja, 12det ellevte på Eljasjib, det tolvte på Jakim, 13det trettande på Huppa, det fjortande på Jesjebab, 14det femtande på Bilga, det sekstande på Immer, 15det syttande på Hesir, det attande på Happisses, 16det nittande på Petahja, det tjuande på Jeheskel, 17det tjueførste på Jakin, det tjueandre på Gamul, 18det tjuetredje på Delaja og det tjuefjerde på Maasja. 19Dette var dei gruppene dei skulle vera inndelte i når dei kom og gjorde teneste i Herrens hus etter den ordninga dei hadde fått frå Aron, stamfar sin, slik Herren, Israels Gud, gav han påbod om.
Andre levittar
20Dei andre levittane var: av Amram-sønene Sjubael, av Sjubael-sønene Jehdeja; 21av Rehabja, det vil seia Rehabja-sønene, Jisjia, som var leiar; 22av Jishar-sønene Sjelomot, av Sjelomot-sønene Jahat; 23#24,23 Hebron-sønene manglar i den hebr. teksten, men finst hos andre tekstvitne. av Hebron-sønene Jeria, den andre var Amarja, den tredje Jahasiel og den fjerde Jekamam; 24av Ussiel-sønene Mika, av Mika-sønene Sjamir 25– bror til Mika var Jisjia; av Jisjia-sønene Sakarja; 26av Merari-sønene Mahli og Musji – mellom sønene hans var Jaasia òg, 27og etterkomarar av Merari gjennom Jaasia, son hans, var Sjoham, Sakkur og Ibri; 28Elasar, son til Mahli, hadde ingen søner. 29Til Kisj, det vil seia sønene til Kisj, høyrde Jerahmeel. 30Sønene til Musji var Mahli, Eder og Jerimot. Dette var Levi-sønene, familie for familie. 31Dei kasta òg lodd, som aronittane, brørne sine, i nærvær av kong David, Sadok og Ahimelek og leiarane for familiane til prestane og levittane, med same vilkår for dei fremste familiane som for dei ringaste.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring