1
Johannes' openberring 11:15
Bibelen 2011 nynorsk
Den sjuande engelen bles i basunen. Då høyrdest det i himmelen røyster som ropa høgt: «Herredømet i verda høyrer no til vår Herre og den han har salva, og han skal vera konge i all æve.»
Sammenlign
Utforsk Johannes' openberring 11:15
2
Johannes' openberring 11:18
Heidningfolka vart harme, men no er din vreidedag komen, og tida då dei døde skal dømmast. Då skal du løna dine tenarar profetane, dei heilage og dei som har ærefrykt for ditt namn, små og store, og øydeleggja dei som øydelegg jorda.»
Utforsk Johannes' openberring 11:18
3
Johannes' openberring 11:3
Men eg vil setja dei to vitna mine, kledde i sekkestrie, til å vera profetar i 1260 dagar.»
Utforsk Johannes' openberring 11:3
4
Johannes' openberring 11:11
Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei. Dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart gripne av stor frykt.
Utforsk Johannes' openberring 11:11
5
Johannes' openberring 11:6
Dei har makt til å lata att himmelen så det ikkje fell regn i den tida dei er profetar. Dei har makt over vatnet og kan gjera det til blod, og makt til å slå jorda med alle slags plager, så ofte dei vil.
Utforsk Johannes' openberring 11:6
6
Johannes' openberring 11:4-5
Dette er dei to oliventrea og dei to lysestakane som står framfor Herren over jorda. Og om nokon vil skada dei, går det eld ut or munnen på dei og gjer ende på fiendane deira. Ja, den som vil skada dei, skal døy på den måten.
Utforsk Johannes' openberring 11:4-5
YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring
Hjem
Bibel
Leseplaner
Videoer