«Det ordet du har tala til oss i HERRENS namn, vil vi ikkje høyra på. Nei, vi vil halda kvart ord som har kome frå vår munn, tenna offereld for Himmeldronninga og ausa ut drikkoffer for henne, slik vi og fedrane våre, kongane og leiarane våre gjorde i Judas byar og på gatene i Jerusalem. Då hadde vi brød nok, det gjekk oss godt, og vi opplevde ikkje noko vondt.