På éin gong sette trompetblåsarane og songarane i med éi røyst for å takka og lova HERREN til lyden av trompetar, symbalar og andre musikkinstrument. Dei lova HERREN: «For han er god, evig varer hans miskunn.» Då vart tempelet, HERRENS hus, fylt av ei sky. Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste for skya skuld; for HERRENS herlegdom fylte Guds hus.