YouVersion Logo
Search Icon

Johannes' openberring 1

1
1Dette er Jesu Kristi openberring, som Gud gav han for at han skulle visa tenarane sine det som snart skal henda. Han sende engelen sin og kunngjorde det for tenaren sin, Johannes. #22,6.16 2Han er det som her vitnar og ber fram Guds ord og Jesu Kristi vitnemål, alt det han har sett. 3Sæl er den som les orda i denne profetien, og dei som høyrer dei og held fast på det som der står skrive! For tida er nær.#Luk 11,28; Op 22,7.10
Helsing
4Johannes helsar dei sju kyrkjelydane i provinsen Asia: Nåde vere med dykk og fred frå han som er og som var og som kjem, og frå dei sju åndene som står framfor hans kongsstol, #2 Mos 3,14f; Op 1,8; 4,8; 11,17; 16,5 5og frå Jesus Kristus, det truverdige vitnet, den fyrstefødde av dei døde og herren over kongane på jorda. Han som elskar oss og har fria oss frå syndene våre med sitt blod, #Jes 55,4; Kol 1,18; Op 3,14; 19,11 6og har gjort oss til eit kongerike, til prestar for Gud, sin Far, han skal ha æra og makta i all æve. Amen.#Jes 61,6; 1 Pet 2,5+.9+
7Sjå, han kjem med skyene! Kvart auga skal sjå han, også dei som har gjennomstunge han, og alle folk på jorda skal gråta sårt over han. Ja, sanneleg, amen!#Matt 24,30+; Joh 19,37
8Eg er Alfa og Omega, seier Gud Herren, han som er og som var og som kjem, Den Allmektige.#1,8 Alfa og Omega fyrste og siste bokstaven i det greske alfabetet. Sjå 22,13.#21,6; 22,13
Menneskesonen openberrar seg
9Eg, Johannes, som er bror dykkar, og har del med dykk i trengsla og riket og vona i Jesus, eg var på øya Patmos. Dit var eg komen på grunn av Guds ord og vitnemålet om Jesus. #1,9 Patmos øy utanfor vestkysten av Vesleasia. 10På Herrens dag kom Anden over meg, og eg høyrde ei sterk røyst bak meg, med klang som ein basun. #Apg 20,7+ 11Ho sa: «Det du får sjå, skal du skriva i ei bok og senda til dei sju kyrkjelydane: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
12Eg snudde meg og ville sjå kven det var som tala til meg. Då såg eg sju ljosestakar av gull, #Sak 4,2; Op 1,20 13og midt imellom ljosestakane ein som var lik ein menneskeson, kledd i fotsid kappe og med eit gullbelte under bringa. #Dan 7,13; 10,5ff 14Hovudet og håret hans var kvitt som kvit ull eller som snø, og augo som logande eld, #Dan 7,9 15føtene var som bronse, glødd i omnen, og røysta lydde som bruset av veldige vassmengder. #Esek 1,24; 43,2 16I si høgre hand hadde han sju stjerner, og or munnen hans gjekk det ut eit kvast, tvieggja sverd. Andletet var som sola når ho skin i all si kraft.#1,20; 2,12.16; 19,15; Matt 17,2
17Då eg såg han, fall eg ned for føtene hans som eg var død. Men han la høgre handa si på meg og sa:
Ver ikkje redd! Eg er den fyrste og den siste #Dan 8,18; Op 1,8; 2,8 18og den levande. Eg var død, men sjå, eg lever i all æve og har nyklane til døden og dødsriket. #Matt 16,18f; Hebr 7,25 19Skriv opp det du har sett, det som no er og det som heretter skal koma.
20Dette er løyndomen med dei sju stjernene som du såg i mi høgre hand, og dei sju ljosestakane av gull: Dei sju stjernene er englane for dei sju kyrkjelydane, og dei sju ljosestakane er kyrkjelydane.#1,16.12

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy