YouVersion Logo
Search Icon

Joel 1

1
Grashoppene
1Dette er Herrens ord som kom til Joel, son til Petuel.
2Høyr dette, de eldste,
lyd etter, alle som bur i landet:
Har slikt hendt før i dykkar tid,
eller då dykkar fedrar levde?
3Fortel om det til borna dykkar,
og dei skal fortelja det ¬til sine born,
som skal fortelja det ¬til den ætt som kjem.
4Det åma leivde, ¬åt grashoppa opp,
det grashoppa leivde, Œt larva opp,
det larva leivde, Œt gnagaren opp. #2 Mos 10,4f
5Vakna, de drukne, og gråt!
Klag, alle de som drikk vin,
over druesaft ¬de ikkje fekk smaka!
6For eit folk har drege opp ¬mot mitt land,
sterkt og utan tal.
Tenner har dei som ei løve,
og kjeve som ei løvinne. #1,6 eit folk ein hær av grashopper som legg landet audt.
7Dei la mine vintre aude
og braut ned fikentrea,
flekte borken, reiv lauvet av,
så greinene vart kvite.
8Klag som ei syrgjekledd møy
klagar over ¬sin ungdoms brudgom!
9Grødeoffer og drikkoffer
kjem bort frå Herrens hus.
Prestane, Herrens tenarar, ¬syrgjer. #1,13; 2,14.17
10Markene er herja, jorda sturer.
For kornet er øydelagt, ¬vinen innturka,
og oljen er borte. #Jes 24,4; Am 1,2
11Bøndene er vonbrotne,
og vindyrkarane klagar
over kveiten og bygget;
for det finst ikkje grøde ¬på marka. #Jer 14,4
12Vintreet turka, ¬fikentreet visna.
Granatepletre, palme og apal,
kvart tre på marka ¬har turka bort;
all glede er kvorven ¬mellom menneska. #Am 4,7; 5,17
13Kled dykk i syrgjebunad
og hald klage, de prestar,
skrik, de som gjer teneste ¬ved altaret!
Gå inn og vak i syrgjeklede,
de som tener min Gud.
For grødeoffer og drikkoffer
kjem ikkje til dykkar Guds hus.
14Lys ut ei faste,
og kunngjer høgtidssamling!
Kall saman dei eldste,
ja, alle som bur i landet,
til Herren dykkar Guds hus,
og rop så til Herren: #2 Krøn 20,3; Esra 8,21; Joel 2,15f; Jona 3,5
15Ve oss, for ein dag!
Ja, nær er Herrens dag!
Han kjem med øyding ¬frå Den Allmektige. #Jes 13,6; Esek 30,3; Joel 2,1; 3,19; Am 5,18; Sef 1,14ff
16Vart ikkje maten borte ¬for augo våre,
glede og jubel ¬frå vår Guds hus?
17Såkornet ligg innturka i jorda.
Bingane er øydelagde, ¬låvane rivne,
for kornet er borte.
18Kor buskapen rautar!
Bølingen flakkar ikring,
for dei har ikkje beite.
Jamvel saueflokkane må lida. #Jer 14,4ff
19Herre, eg ropar til deg.
For heten har gjort ende
på beita i øydemarka.
Solbrann har svidt av ¬kvart tre på marka.
20Jamvel villdyra styn ¬opp mot deg,
for bekkefara er turre,
og heten har gjort ende
på beita i øydemarka.

Currently Selected:

Joel 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy