YouVersion Logo
Search Icon

Jesaja 1

1
1Dette er dei syner som Jesaja, son til Amos, fekk om Juda og Jerusalem i den tida då Ussia, Jotam, Akas og Hiskia var kongar i Juda.#1,1 Jesaja, Hiskia Namna har før vorte attgjevne i gresk form: Esaias, Esekias.#1,1 Ussia stundom kalla Asarja. Sjå 2 Kong 14,21.#2 Kong 19,2; Mi 1,1
Klage over Israels fråfall
2Høyr, du himmel, ¬lyd etter, du jord!
For Herren talar:
Born har eg ale og fostra,
men dei har sett seg ¬opp mot meg. #5 Mos 32,1; Sal 50,4; Jer 2,12ff; Hos 7,13; Mi 1,2
3Ein okse kjenner sin ¬eigarmann,
og eit esel krubba åt herren sin.
Men Israel kjenner ingen ting,
mitt folk er utan skjøn. #Jer 8,7
Ve det syndige folket!
4Ve det syndige folket,
det skuldtyngde folket,
ætlingar av illgjerdsmenn,
søner som ber seg ille åt!
Dei har gått bort frå Herren,
vanvørdt Israels Heilage
og snutt ryggen til han. #Jer 15,6
5Kvi vil de ha endå meir slag,
sidan de atter og atter fell frå?
Kvart hovud er sårt,
og kvart hjarta er sjukt.
6Frå hovud til hæl ¬er ingenting heilt,
berre flengjer og flerrer ¬og nyhogne sår,
som ikkje er reinsa og fetla
og ikkje bløytte med olje.
7Landet er ei øydemark,
byane er brende,
og framande et opp jorda
beint framfor augo på dykk.
Alt ligg i øyde,
som når framande har herja. #3 Mos 26,32.33; Jes 5,5; Jer 44,22
8Berre Sions dotter er att
som ei lauvhytte i ein vingard,
som eit vaktarskjol ¬på ei agurkmark,
som ein kringsett by.
9Hadde ikkje Herren, ¬Allhærs Gud,
late nokre av oss sleppa unna,
då var vi som Sodoma,
vi såg ut som Gomorra. #1 Mos 19,24; Jes 13,19; Klag 3,22; Rom 9,29
Ikkje gagnlause offer, men lydnad
10Høyr Herrens ord,
de Sodoma-hovdingar!
Lyd etter vår Guds lov,
du Gomorra-folk! #1,10 Sodoma-hovdingar, Gomorra-folk Leiarane og folket i Jerusalem vert samanlikna med det syndige folket i Sodoma og Gomorra. Sml. 1 Mos 18,20; 19,4f. #Hos 5,1; Mi 3,1.9
11Kva skal eg med alle dykkar ¬slaktoffer? seier Herren.
Eg er mett av brennoffer ¬av verar
og av feitt frå gjøkalvar.
Og blod av oksar og lam ¬og bukkar
har eg ikkje hug på. #Ordt 21,27; Jer 6,20; 14,12; Hos 8,13; Am 5,21.22; Mi 6,6ff
12Når de kjem fram for mitt åsyn,
kven krev då av dykk
at de skal trakka ned ¬mine tempelgardar? #2 Mos 23,15.17
13Kom ikkje meir ¬med gagnlause gåver!
Offerrøyken er ein styggedom ¬for meg.
Nymåne og sabbat, ¬lysing til stemner –
eg toler ikkje vondskap ¬og høgtid saman. #Mal 1,10
14Eg hatar dykkar nymånedagar ¬og høgtider.
Dei har vorte meg ei bør,
som eg er trøytt av å bera.
15Når de breier ut hendene,
gøymer eg augo mine for dykk.
Kor mykje de bed,
så høyrer eg ikkje.
Hendene dykkar ¬er fulle av blod. #Sal 66,18; Ordt 1,28ff; 15,29; 28,9; Jes 59,2.3; Jer 14,12; Joh 9,31
16Vaska dykk, reinsa dykk!
Få dykkar vonde gjerningar
bort frå augo mine!
Hald opp med å gjera ¬det som vondt er! #Sal 34,15; Esek 18,23.31; Joel 2,12.13; Am 5,14.15; Rom 12,9; 1 Pet 3,11
17Lær å gjera godt,
legg vinn på det som rett er!
Vis valdsmannen ¬den vegen han skal gå,
hjelp den farlause til hans rett,
ta dykk av enkjers sak! #5 Mos 24,17.18; 27,19; Sal 82,3; Jes 1,23
Guds tilbod om nåde
18Kom, lat oss gjera opp vår sak! ¬seier Herren.
Om syndene dykkar ¬er som purpur,
skal dei verta kvite som snø;
om dei er raude som skarlak,
skal dei verta kvite som ull. #Sal 51,9; Jes 43,25; 44,22
19Er de viljuge og lyder,
skal de få eta det gode i landet. #3 Mos 25,18.19; Ordt 1,33
20Men er de uviljuge og trassige,
skal de verta oppetne av sverd.
Dette er ordet ¬frå Herrens munn. #3 Mos 26,14.17.25; 4 Mos 23,19; Jes 58,14
Jerusalem skal dømast og reinsast
21Å, at den trufaste byen
skulle verta ei skjøkje!
Full av rett var han,
rettferd budde der inne,
men no – mordarar! #Jer 2,21
22Sølvet ditt har vorte til slagg,
vinen din er blanda med vatn. #Esek 22,18
23Dine styresmenn er ¬opprørarar,
dei held lag med tjuvar.
Alle elskar dei muter
og jagar etter gåver.
Den farlause hjelper dei ikkje ¬til hans rett,
og enkjers sak ¬tek dei seg ikkje av. #2 Mos 22,22; Jer 5,28.29; Hos 9,15; Sak 7,10
24Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,
Israels Veldige:
Ve, eg vil sløkkja harmen min
på mine motstandarar
og hemna meg på mine ¬fiendar! #1:24Israels Veldige Jakobs Veldige. [1 Mos 49,24.]
25Eg vil venda mi hand imot deg,
reinsa ut ditt slagg som med lut
og skilja ut alt ditt bly.
26Så vil eg atter gje deg domarar
som dei du hadde før,
og rådgjevarar ¬som i den fyrste tid.
Sidan skal du kallast
Rettferdsby og Truskapsstad. #1,21
27Ved rett skal Sion løysast ut,
ved rettferd dei som ¬vender om. #59,20; Rom 11,26
28Men brotsmenn og syndarar ¬skal knusast,
dei som vender seg frå Herren,
skal gå til grunne.
29Ja, de skal få skam av eikene
som de har slik hugnad i,
og vanære ¬av dei heilage lundane
som de held så gjæve. #1,29 eikene Store, trivelege tre vart haldne for heilage, og under dei dyrka kanaanearane og trulause israelittar avlings- og livsgudane sine. Sjå Hos 4,13f.#Hos 4,13.19
30De skal verta ¬som ei eik med vise lauv
og som ein hage utan vatn.
31Den sterke skal verta til stry
og hans verk til ein gneiste;
begge skal brenna,
og ingen sløkkjer. #Jer 4,4; 17,27; Esek 20,47; Am 5,6

Currently Selected:

Jesaja 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy