YouVersion Logo
Search Icon

Apostelgjerningane 1

1
Lovnaden om Den Heilage Ande
1I den fyrste boka mi, Teofilus, skreiv eg om alt det Jesus gjorde og lærte, #1,1 den fyrste boka mi Evangeliet etter Lukas. Sjå Luk 1,1ff.#Luk 1,1–4 2frå det fyrste og heilt til den dagen han vart oppteken til himmelen. Før det hende, hadde han ved Den Heilage Ande gjeve sine påbod til dei apostlane som han hadde valt ut. 3Etter at han hadde lide og døytt, steig han fram for dei og gav dei mange klåre prov på at han levde. I førti dagar synte han seg for dei og tala om det som har med Guds rike å gjera. #Luk 24,36ff 4Ein gong han åt saman med dei, sa han: «De skal ikkje fara bort frå Jerusalem, men venta på det som Faderen har lova og som eg har tala om. #Luk 24,49; Joh 14,16f+ 5For Johannes døypte med vatn; men de skal døypast med Den Heilage Ande om nokre få dagar.»#Matt 3,11; Joh 1,33; Apg 2,1ff
Kristi himmelferd
6Medan dei var samla, spurde dei han: «Herre, er det på den tid du vil atterreisa riket for Israel?» #Luk 24,21 7Han svara: «Det er ikkje dykkar sak å kjenna tider og stunder som Faderen har fastsett i si eiga makt. #Mark 13,32 8Men når Den Heilage Ande kjem over dykk, får de kraft, og de skal vera mine vitne i Jerusalem og heile Judea, i Samaria og alt til heimsens endar.»#Matt 28,19; Luk 24,47f; Apg 2,32; 3,15; 5,32; 10,39
9Då han hadde sagt dette, vart han opplyft medan dei såg på, og ei sky tok han bort for augo deira. #Mark 16,19; Luk 24,51 10Som dei no stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei #Luk 24,4 11og sa: «Kvifor står de og ser opp mot himmelen, galilearar? Denne Jesus, som vart teken opp til himmelen frå dykk, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»#Matt 26,64; Op 1,7
12Då vende dei attende til Jerusalem frå den høgda som heiter Oljeberget og ligg ei sabbatsreis frå Jerusalem. #1,12 ei sabbatsreis så langt som ein jøde etter lova kunne gå på sabbaten, om lag 1 km.#Luk 24,52 13Inne i byen gjekk dei opp i den salen som dei heldt til i. Det var Peter og Johannes, Jakob og Andreas, Filip og Tomas, Bartolomeus og Matteus, Jakob, son til Alfeus, Simon seloten og Judas, son til Jakob. #Luk 6,14ff 14Alle desse heldt samhuga ved i bøn i lag med nokre kvinner og Maria, mor til Jesus, og brørne hans.#Matt 13,55+
Ein ny apostel
15Ein gong i desse dagane steig Peter fram mellom brørne, som var samla; det var ikring hundre og tjue menneske. 16«Brør,» sa han, «det laut oppfyllast, det skriftordet som Den Heilage Ande tala gjennom David om Judas, han som viste veg for dei som greip Jesus. #Sal 41,10; Joh 13,18 17Han var rekna mellom oss og var sett til den same tenesta. #Luk 6,16; 22,47 18For dei pengane han fekk for ugjerninga si, kjøpte han ein åker. Men han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut. #Matt 27,3ff 19Alle som bur i Jerusalem, fekk vita dette, og dei kallar åkeren på sitt eige mål Hakeldama, som tyder Blodåkeren. 20For det står skrive i Salmane: Lat garden hans liggja aud, ingen skal bu der, og: Lat ein annan få hans tilsynsembete! #Sal 69,26; 109,8 21No er det nokre menn her som var saman med oss heile den tida Herren Jesus gjekk inn og ut mellom oss, #Luk 1,2 22frå han vart døypt av Johannes og til den dagen han vart oppteken ifrå oss. Ein av dei lyt saman med oss vera vitne om oppstoda hans.»#4,33+
23To menn vart kalla fram: Josef Barsabbas med tilnamnet Justus, og Mattias. 24Og dei bad: «Herre, du som kjenner alle hjarto, syn oss kven av desse to du har valt ut #Sal 139,1ff; Joh 2,25 25til å ha den tenesta og det apostelembetet som Judas gjekk ifrå då han fór til sin stad!» #1,25 sin stad fortapinga. 26Dei kasta lodd mellom dei, og loddet fall på Mattias. Sidan vart han halden for apostel saman med dei elleve.#Ordt 16,33

Currently Selected:

Apostelgjerningane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy