YouVersion Logo
Search Icon

Lukas 2

2
Jesus vert fødd
(Matt 1,18–25)
1I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2Dette var fyrste gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. #2,2 Kvirinius Publius Sulpicius Quirinius, romersk embetsmann som i tida 12 f.Kr. – 16 e.Kr. hadde ymse høge stillingar i den austlege luten av Romarriket. 3Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.
4Josef òg fór frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, #Joh 7,42+; 1 Sam 16,1ff 5og skulle skriva seg der. Maria, festarmøya hans, var med han. Ho venta då barn. #2,5 festarmøya hans[Matt 1,18.] 6Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7og ho fekk son sin, den fyrstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje rom åt dei i herberget.
8Det var nokre gjætarar der i grannelaget, som låg ute og vakta sauene sine om natta. 9Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde. 10Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket. 11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren. 12Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og kvad:
14«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske ¬som Gud har hugnad i!» #19,38; Ef 2,14ff
15Då englane hadde fare frå dei og attende til himmelen, sa gjætarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, og som Herren har kunngjort oss.» 16Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. 17Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. 18Alle som høyrde på, undra seg over det gjætarane fortalde. 19Men Maria gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det. #2,51 20Og gjætarane vende attende, medan dei lova og prisa Gud for det dei hadde høyrt og sett; alt var så som det hadde vorte sagt dei.
21Då åtte dagar var lidne og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus; det var det namnet engelen hadde nemnt før han var komen i mors liv.#1,31
Simeon og Anna i templet
22Då reinsingstida som Moselova føreskriv, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. #3 Mos 12,2ff 23For det står skrive i Herrens lov: Alt fyrstefødt av hankjønn skal helgast til Herren. #2 Mos 13,2 24Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.#3 Mos 12,8
25I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudleg mann som venta på Israels trøyst. Den Heilage Ande var over han, #Jes 40,1f; 49,13 26og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle døy før han hadde fått sjå den Herren hadde salva. 27No kom han opp til templet; det var Anden som dreiv han. Og då foreldra kom med Jesus-barnet for å gjera med det som skikk og bruk var etter lova, 28tok Simeon barnet i armane sine, lova Gud og sa:
29Herre, no lèt du tenaren din ¬fara herifrå i fred,
etter ditt ord.
30For augo mine har sett di frelse, #Jes 52,10
31som du har skipa til ¬for alle folks åsyn,
32eit ljos til openberring ¬for heidningane
og til ære for Israel, folket ditt. #Jes 42,6; 46,13; 49,6
33Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel, og til eit teikn som vert motsagt. #Jes 8,14; Rom 9,33; 1 Kor 1,23; 1 Pet 2,8 35Såleis skal dei tankar mange hyser i hjarta, koma fram i dagen. Men gjennom di sjel skal det òg gå eit sverd.»#Joh 19,25
36Det var ei profetkvinne der, Anna Fanuelsdotter, av Asjers-ætta. Ho var langt oppi åra. I sin ungdom var ho gift i sju år, 37og sidan hadde ho vore enkje; og no var ho åttifire år. Ho var aldri borte frå templet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. #1 Tim 5,5 38I denne stunda kom ho fram og lova Gud; og ho tala om barnet til alle som venta på frelse for Jerusalem.#Jes 52,9
39Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. 40Og guten voks og vart sterk; han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.#2,52
Jesus som tolvåring i templet
41Kvart år fór foreldra åt Jesus til Jerusalem for å halda påske. #2 Mos 12,24ff; 23,17 42Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida. 43Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart Jesus-barnet verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det. 44Dei tenkte han var med i ferdafylgjet, og fór ei dagsreis fram og leita etter han mellom skyldfolk og kjenningar. 45Som dei no ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der. 46Tre dagar etter fann dei han i templet. Der sat han midt imellom lærarane og lydde på dei og spurde dei. 47Og alle som høyrde på han, undra seg over kor vitug han var og kor godt han svara. #Joh 7,15 48Då foreldra fekk sjå han, vart dei mest frå seg av undring, og mor hans sa: «Korleis kunne du gjera dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.» 49Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg lyt vera i huset åt Far min?» #Joh 2,16 50Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.
51Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjarta sitt. #2,19 52Og Jesus gjekk fram i alder og visdom, og var til hugnad for Gud og menneske.#1 Sam 2,26; Luk 2,40

Currently Selected:

Lukas 2: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy