YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 18

18
Jesu liding og død
(Kap. 18–19)
Jesus vert teken til fange
(Matt 26,47–56; Mark 14,43–50; Luk 22,47–53)
1Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til hi sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i. #Matt 26,36 2Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der. 3Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.
4Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?» 5«Jesus frå Nasaret,» svara dei. «Det er eg,» seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6Då Jesus sa: «Det er eg», veik dei attende og fall til jorda. 7Atter spurde han: «Kven leitar de etter?» «Jesus frå Nasaret,» svara dei. 8«Eg har sagt dykk at det er eg,» sa Jesus. «Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!» 9Såleis skulle det oppfyllast, det ordet han hadde sagt: «Av dei du gav meg, har eg ikkje mist ein einaste.»#17,12
10Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyra. Tenaren heitte Malkus. 11Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka den skåla som Faderen har gjeve meg?»#Matt 20,22; 26,42
Jesus for øvstepresten. Peter fornektar
(Matt 26,57–75; Mark 14,53–72; Luk 22,54–71)
12Soldatane, offiseren og mennene frå jødane greip no Jesus og batt han. 13Fyrst førte dei han til Annas, for han var verfar til Kaifas, som var øvsteprest det året. 14Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.#11,49f
15Simon Peter og ein annan læresvein fylgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen åt øvstepresten saman med Jesus. 16Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestjenta som heldt vakt ved porten, og fekk Peter med seg inn. 17I det same seier ho til Peter: «Er du òg ein av læresveinane til denne mannen?» «Nei,» svara han, «det er eg ikkje.» 18Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde gjort opp ein koleld og stod og vermde seg. Peter òg vart ståande der saman med dei og vermde seg.
19Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans. 20«Eg har tala ope og fritt for alle,» svara Jesus. «Eg har alltid lært i synagoger og i templet, der alle jødar kjem saman; i løynd har eg aldri tala. #Mark 14,49+ 21Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei. Dei veit kva eg har sagt.» 22Då gav ein av vaktmennene som stod der, Jesus eit slag i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?» 23Jesus sa til han: «Har eg sagt noko urett, så prova det! Men var det rett det eg sa, kvifor slår du meg då?» 24Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.#18,13
25Imedan stod Simon Peter og vermde seg. Då sa dei til han: «Er du òg ein av læresveinane hans?» Men han nekta og sa: «Nei, det er eg ikkje.» 26Ein av tenarane til øvstepresten, ein slektning til han som Peter hadde hogge øyra av, seier: «Såg eg deg ikkje i hagen saman med han?» #18,10 27Men Peter nekta atter. Og med det same gol hanen.#13,38
Jesus for Pilatus
(Matt 27,1–2. 11–21; Mark 15,1–11; Luk 23,1–5. 13–20)
28Frå Kaifas førte dei Jesus til borga åt landshovdingen. Det var tidleg om morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borga; dei ville ikkje gjera seg ureine, for då kunne dei ikkje eta påskemåltidet. 29Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva klagemål fører de mot denne mannen?» 30Dei svara: «Var han ikkje ein brotsmann, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.» 31«Ta han de,» sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.» #19,6f 32Såleis skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt, då han lét dei få vita kva slag død han skulle få.#3,14; 12,32f
33Pilatus gjekk då atter inn i borga; han kalla Jesus fram for seg og spurde: «Er du kongen over jødane?» 34Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt deg det?» 35«Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Folket ditt og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?» 36Då sa Jesus: «Mitt rike er ikkje av denne verda. Var riket mitt av denne verda, hadde mennene mine stridt for meg, så eg ikkje skulle koma i hendene på jødane. Men riket mitt er ikkje av denne verda.» #6,15 37«Så er du då konge?» sa Pilatus. «Du seier det,» svara Jesus. «Eg er konge. Til det er eg fødd, og til det er eg komen til verda, at eg skal vitna om sanninga. Kvar den som er av sanninga, høyrer mi røyst.» #1 Tim 6,13 38«Kva er sanning?» sa Pilatus. Dermed gjekk han ut til jødane att og sa til dei: «Eg finn inga skuld hjå denne mannen. 39Men de er vane med at eg gjev dykk ein mann fri til påske. Vil de at eg skal gje dykk kongen over jødane fri?» 40Då ropa dei endå ein gong: «Ikkje han, men Barabbas!» Men Barabbas var ein røvar.

Currently Selected:

Johannes 18: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy