YouVersion Logo
Search Icon

Hosea 13

13
Ulukka kjem som eit Herrens ver
1Når Efraim tala, ¬vart alle redde,
han stod høgt i Israel.
Men han dyrka Ba’al;
såleis førte han skuld over seg ¬og døydde. #1 Kong 16,31f
2Og no held dei fram ¬med å synda.
Dei lagar støypte bilete ¬av sitt sølv
og avgudar ¬etter sitt eige hovud
– alt er det gjort ¬av handverkarar.
Folk seier om dei:
«Dei som ofrar menneske, ¬kysser kalvar.» #13:2kysser kalvar tilbed bilete av Ba’al. [8,5; 10,5.]#1 Kong 12,28; 19,18; 2 Kong 17,16
3Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky,
lik dogg som tidleg kverv,
lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen,
lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren. #Sal 1,4; Hos 6,4
4Eg er Herren din Gud,
heilt frå du var i Egypt.
Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg,
forutan meg ¬finst det ingen frelsar. #2 Mos 20,2f; 5 Mos 5,6f
5Eg tok meg av deg ¬i øydemarka,
i det heite og turre landet. #5 Mos 32,10
6Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette.
Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte,
difor gløymde dei meg. #5 Mos 31,20+; Hos 2,13+
7Eg vil vera mot dei som ei løve,
lik leoparden ¬som lurer ved vegen. #13,7 som ei løve[5,14.]
8Eg vil koma over dei ¬som ei binne
som dei har teke ungane frå,
og riva sund deira bryst.
Eg vil eta dei opp som ei løve,
villdyra i marka ¬skal slita dei sund.
9Når ulukka kjem, Israel,
kven skal hjelpa deg då? #Jer 2,17; 25,7
10Kvar er då din konge
som kan berga deg ¬i alle dine byar,
og kvar er dine styresmenn?
Du har då sagt:
«Gjev meg konge ¬og hovdingar!» #1 Sam 8,5f
11Eg gjev deg ein konge ¬i min vreide,
og i min harme tek eg han bort. #1 Sam 8,6.9; Hos 8,4
12Efraims misgjerning ¬er oppsamla,
hans synd er gøymd.
13Riene kjem, han skal fødast,
men han er ein uvitug son.
Når tida er ute, kjem han ikkje
fram frå mors liv.
# 13,13 han skal fødast Folket har ein utveg til «atterføding», men spiller denne utvegen. # Sal 48,7; Jes 13,8
14Or helheims vald ¬vil eg fria dei,
frå døden vil eg løysa dei ut.
Død, kvar er din pest?
Dødsrike, kvar er di sott? #Jes 25,8+
Medkjensle veit eg ikkje av.
15Ja, han skil brør frå kvarandre.
Det kjem ein austavind, ¬eit Herrens ver,
farande opp frå øydemarka.
Då vert brunnen tom ¬og kjelda turr.
Skattkammeret vert plyndra
for alle dyre eigneluter. #4,19

Currently Selected:

Hosea 13: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy