YouVersion Logo
Search Icon

3. Johannes 1

1
Helsing
1Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg. #2 Joh 1 2Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vera frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg.
Hjelp til misjonærane
3Eg vart inderleg glad då nokre av brørne kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga; den lever du i. #2 Joh 4 4Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga.
5Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande. 6I kyrkjelyden her har dei vitna om din kjærleik. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på ferda, som rett er for Gud. 7Det var for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane. 8Difor bør vi ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.#Matt 10,10.41; Hebr 13,2
Diotrefes og Demetrius
9Eg har skrive nokre ord til kyrkjelyden. Men Diotrefes, som gjerne vil vera den fremste der, vil ikkje ha noko med oss å gjera. 10Når eg kjem, skal eg minna han om det han har gjort. For han fer med stygg baktale om oss. Men han nøyer seg ikkje med det. Sjølv nektar han å ta imot brørne, og når andre vil gjera det, hindrar han dei og støyter dei ut or kyrkjelyden.
11Kjære ven, ta ikkje det vonde til føredøme, men det gode! Den som gjer det gode, er av Gud. Den som gjer det vonde, har ikkje sett Gud.#1 Joh 3,6.9f
12Om Demetrius har alle berre godt å seia, ja, sanninga sjølv vitnar for han. Det same gjer vi, og du veit at vårt vitnemål er sant.#Joh 19,35
Sluttord
13Eg har enno mykje å seia deg, men vil ikkje gjera det i brev. #2 Joh 12 14For eg vonar å sjå deg snart, så vi kan tala saman.
15Fred vere med deg! Venene her helsar deg. Du må sjølv helsa venene, kvar einskild av dei.

Currently Selected:

3. Johannes 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy