YouVersion Logo
Search Icon

2. Peter 1

1
Helsing
1Simeon Peter, Jesu Kristi tenar og apostel, helsar dei som ved vår Gud og frelsar Jesu Kristi rettferd har fått den same dyre tru som vi. 2Nåde og fred vere med dykk i rikt mål gjennom kunnskapen om Gud og vår Herre Jesus!#1 Pet 1,2; Jud 2
Trua skal syna seg i livet
3Då vi lærte han å kjenna som kalla oss ved sin eigen herlegdom og styrke, gav han oss i si guddommelege makt alt som tener til liv og gudsfrykt. #2 Kor 4,6 4Dermed har han gjeve oss dei dyraste og største lovnader; ved dei skulle de få del i guddommeleg natur etter at de har sloppe bort frå oppløysinga i verda, den som kjem av lystene.#Ef 4,22.24
5Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn, #Gal 5,6.22 6skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd, #1 Kor 9,24f 7den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik. #Hebr 13,1+ 8For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus. #Tit 3,14 9Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder.#1 Joh 2,9.11
10Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla. 11Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike.
Kristi herlegdom og profetordet
12Difor vil eg alltid minna dykk om dette, endå de kjenner til det og er grunnfeste i den sanninga som har kome til dykk. #Rom 15,15; Jud 5 13Eg meiner at det er rett å halda dykk vakne med slike påminningar, så lenge eg er i denne lekams telt. 14For eg veit at det snart skal leggjast bort; det har vår Herre Jesus Kristus late meg vita. #2 Kor 5,1; Joh 21,18f 15Og det er om å gjera for meg at de alltid skal minnast dette, når eg er borte.
16For det var ikkje oppdikta eventyr vi fór med då vi kunngjorde dykk vår Herre Jesu Kristi makt og kome. Nei, vi var augnevitne som såg hans guddommelege velde. #Luk 9,32; Apg 4,20 17For Gud Fader gav han ære og herlegdom den gongen røysta kom til han frå høgste herlegdomen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.» #Matt 3,17+; Luk 9,28ff 18Vi høyrde sjølve denne røysta koma frå himmelen, då vi var saman med han på det heilage fjellet.
19Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.#Op 2,28
20Men framom alt skal de vita at ingen kan tyda eit profetord i Skrifta på eiga hand. 21For aldri er noko profetord framkome ved menneskevilje; men drivne av Den Heilage Ande tala menneske ord frå Gud.#2 Tim 3,16; 1 Pet 1,11

Currently Selected:

2. Peter 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy