YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 1

1
Helsing
1Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Jesu Kristi apostel, og bror vår Sostenes 2helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.#Apg 9,14+
3Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!#Rom 1,7; 2 Kor 1,2
Takk til Gud
4Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus. #Rom 1,8 5I han har de vorte rike på alt, på all tale og all kunnskap; #2 Kor 8,7 6vitnemålet om Kristus står då òg urikkande fast hjå dykk. 7Difor vantar de ikkje noka nådegåve, medan de ventar på at vår Herre Jesus Kristus skal openberra seg. #Luk 17,30; 2 Tess 1,7; Tit 2,13 8Han skal òg styrkja dykk til enden kjem, så de kan stå ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag. #1,8 vår Herre Jesu Kristi dag den dagen Herren kjem att til frelse og dom. Sjå Rom 13,12; 1 Kor 5,5; Fil 1,6. #Fil 1,6; 1 Tess 3,13; 5,23 9Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med Son sin, Jesus Kristus, vår Herre.#10,13; 1 Tess 5,24
Ulike flokkar i kyrkjelyden
(1,10–4,21)
Åtvaring mot usemje
10Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. #Rom 15,5+; 1 Kor 11,18f 11For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». #Apg 18,24ff; 1 Kor 3,4 13Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, #Apg 18,8; Rom 16,23 15så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.#16,15
Guds visdom og menneskevisdom
17Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. #Rom 1,16; 2 Kor 4,3 19For det står skrive:#Jes 29,14
Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
og gjera til inkjes klokskapen ¬hjå dei kloke.
20Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? #Jes 19,12; 33,18; 44,25 21For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. #Matt 11,25; Rom 1,21f 22For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, #Matt 12,38+ 23men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; #Luk 2,34; Rom 9,32; 1 Kor 2,14 24men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. #Kol 2,3 25For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
26Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. #Joh 7,48 27Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. #Luk 14,21; Jak 2,5 28Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. #Rom 3,27; Ef 2,9 30De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, #Jer 23,5f; 2 Kor 5,21; Ef 1,7 31så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.#Jer 9,23f; 2 Kor 10,17

Currently Selected:

1. Korintar 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy