YouVersion Logo
Search Icon

1. Johannes 3

3
1Sjå kor stor kjærleik Faderen har synt oss: Vi skal kallast Guds born. Og det er vi. Difor kjenner ikkje verda oss, fordi ho ikkje kjenner han. #Joh 1,12; 16,3; 17,25 2De kjære, no er vi Guds born; og det er enno ikkje openberra kva vi skal verta. Vi veit at når han openberrar seg, skal vi verta han like, for vi skal sjå han som han er. #Rom 8,17.29; Matt 5,8; Fil 3,21; Kol 3,4 3Kvar den som har denne vona til han, reinsar seg, liksom Kristus er rein.#2,6
Kven er Guds born?
4Den som syndar, bryt lova, for synd er lovbrot. 5Og de veit at han openberra seg for å ta bort syndene våre, han som sjølv er utan synd. #Jes 53,4f.9; Joh 1,29; 8,46; 1 Pet 2,22.24 6Den som er i han, lever ikkje i synd. Den som syndar, har ikkje sett han og ikkje kjent han.#3,9+
7Mine born, lat ingen føra dykk vilt! Den som lever rett, han er rettferdig, liksom Kristus er rettferdig. #2,29 8Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg. #Joh 8,44 9Den som er fødd av Gud, syndar ikkje. For det sædet Gud har lagt ned i han, er i han; han kan ikkje synda lenger, fordi han er fødd av Gud. #1 Pet 1,23; 1 Joh 2,29; 3,6; 3 Joh 11 10Såleis syner det seg kven som er Guds born og kven som er djevelens born: Den som ikkje lever rett og ikkje elskar bror sin, han er ikkje av Gud.#Hebr 13,1+; 1 Joh 2,29
11For dette er den bodskapen de har høyrt frå fyrste stund: Vi skal elska kvarandre. #Joh 13,34; 15,12.17; 1 Joh 2,7 12Vi må ikkje vera som Kain; han var av den vonde og drap bror sin. Og kvifor drap han broren? Fordi hans eigne gjerningar var vonde, men dei bror hans gjorde, var rettferdige.#1 Mos 4,8
13De må ikkje undra dykk, brør, om verda hatar dykk. #Joh 15,18f; 17,14 14Vi veit at vi har gått over frå døden til livet, vi som elskar brørne. Den som ikkje elskar, er enno i døden. #Joh 5,24; 1 Joh 2,11 15Den som hatar bror sin, er ein mordar, og de veit at ingen mordar har evig liv i seg. #Matt 5,21f; Gal 5,20f 16Kva kjærleik er, har vi lært av at Jesus gav livet for oss. Så er det vår skyldnad å gje livet for brørne. #Joh 15,13; Ef 5,2
17Men den som har meir enn nok å leva av, og likevel lèt att hjarta sitt når han ser bror sin lida naud, korleis kan han ha Guds kjærleik i seg?#5 Mos 15,7; Jak 2,15f
Frimod for Gud
18Mine born, lat oss elska, ikkje med tome ord, men i gjerning og sanning! 19På dette skal vi vita at vi er av sanninga, og så skal vi roa hjarto våre for hans åsyn. 20For jamvel om hjarta vårt fordømer oss, er Gud større enn hjarta og veit alt. 21De kjære, dersom hjarta vårt ikkje fordømer oss, har vi frimod for Gud. #5,14 22Og det vi bed om, skal vi få av han, for vi held hans bod og gjer det som er til hugnad for han. #Matt 7,7+ 23Og dette er hans bod: Vi skal tru på namnet åt Son hans, Jesus Kristus, og elska kvarandre, så som han baud oss. #Joh 6,29; 15,17 24Den som held hans bod, vert verande i Gud og Gud i han. Og at han er i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss sin Ande.#Joh 14,23; Rom 8,9+

Currently Selected:

1. Johannes 3: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy