YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 48

48
Jakob velsignar sønene til Josef
1Ei tid etter dette hadde hendt, vart det sagt til Josef: «Far din er sjuk.» Då tok han med seg dei to sønene sine, Manasse og Efraim. 2Det vart meldt til Jakob at Josef, son hans, var komen til han. Då gjorde Israel seg sterk og sette seg opp i senga. 3#35,6ff Jakob sa til Josef:
Gud, Den veldige, synte seg for meg i Lus i Kanaan og velsigna meg. 4Han sa til meg: «Sjå, eg vil gjera deg fruktbar og talrik og gjera deg til ei forsamling av mange folk. Eg gjev etterkomarane dine dette landet i eige til evig tid.» 5#46,20 No skal dei to sønene som du fekk i Egypt før eg kom hit, høyra meg til. Efraim og Manasse skal høyra meg til slik Ruben og Simon gjer. 6Men dei borna du fekk etter dei, skal vera dine. Dei skal ha namn etter brørne sine i det landet dei skal arva. 7#35,16ff#48,7 Paddan elles kalla Paddan-Aram. Efrat >35,16. Då eg kom frå Paddan, døydde Rakel frå meg på reisa. Det var i Kanaan, eit stykke før vi kom til Efrat. Eg gravla henne der på veg til Efrat, det er Betlehem.
8Så fekk Israel sjå sønene til Josef. «Kven er desse?» spurde han. 9Josef svara: «Det er sønene mine, som Gud har gjeve meg her.» Då sa Jakob: «Kom til meg med dei, så eg kan velsigna dei!» 10Israels auge var tyngde av alder, så han kunne mest ikkje sjå. Josef førte dei til han, og far hans kyste dei og slo armane rundt dei. 11Israel sa til Josef: «Eg trudde ikkje eg skulle få sjå andletet ditt att, men no har Gud endåtil late meg få sjå borna dine!» 12#48,12 fanget truleg eit gammalt ritual for adopsjon. >30,3. Så tok Josef dei ned frå fanget hans og bøygde seg med andletet mot jorda.
13Sidan tok Josef begge to og leidde dei fram til han, Efraim i den høgre handa, til venstre for Israel, og Manasse i den venstre handa, til høgre for Israel. 14#48,14 høgre handa teikn på at Jakob sette Efraim framom Manasse, jf. v. 20. Men Israel strekte ut den høgre handa og la henne på hovudet til Efraim, endå han var yngst, og den venstre la han på hovudet til Manasse. Han kryssa altså armane. Men Manasse var den eldste. 15#49,24; Sal 23,1 Så velsigna han Josef og sa:
«Fedrane mine, Abraham og Isak, levde for Guds andlet.
Gud har vore min hyrding frå første stund til denne dag,
16engelen som har løyst meg ut frå alt vondt.
Må han velsigna gutane!
Gjennom dei skal namnet mitt leva,
og namnet til Abraham og Isak, fedrane mine.
Måtte dei veksa og bli talrike i landet!»
17Josef såg at faren la høgre handa på hovudet til Efraim, og han mislika det. Han tok handa til far sin og ville flytta henne frå hovudet til Efraim til hovudet til Manasse. 18«Ikkje slik, far!» sa Josef til far sin. «For dette er den førstefødde, legg høgre handa på hovudet hans!» 19Men faren nekta. Han sa: «Eg veit det, son min, eg veit det! Han skal òg bli til eit folk, han skal òg bli stor, men bror hans, som er yngre, skal bli større. Ætta hans skal bli til mange folkeslag.» 20Så velsigna han dei den dagen og sa:
«Ved deg skal Israel velsigna og seia:
Måtte Gud gjera deg som Efraim og Manasse!»
Han sette altså Efraim føre Manasse.
21Sidan sa Israel til Josef: «No skal eg døy. Men Gud vil vera med dykk og føra dykk tilbake til landet åt fedrane dykkar. 22#Jos 24,32; Joh 4,5#48,22 bergrygg same hebr. ord som namnet Sikem, ein by i stammelandet til Efraim. Eg gjev deg ein bergrygg meir enn brørne dine. Den har eg med sverd og boge teke frå amorittane.»

Currently Selected:

1. Mosebok 48: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy