YouVersion Logo
Search Icon

1. Mosebok 45

45
Josef fortel kven han er
1Då kunne ikkje Josef leggja band på seg lenger for alle dei som stod omkring han. Han ropa: «Lat alle gå ut herifrå!» Såleis var det ingen andre til stades då Josef lét brørne sine få vita kven han var. 2Han brast i gråt så høgt at egyptarane høyrde det, og huset til farao fekk høyra om det. 3#50,15 Så sa Josef til brørne sine: «Eg er Josef! Lever far min enno?» Men brørne kunne ikkje svara han; dei stod framfor han, slegne av skrekk. 4Josef sa til dei: «Kom hit til meg!» Dei gjekk bort til han, og han sa:
Eg er Josef, bror dykkar, han de selde til Egypt. 5#50,20 Ver no ikkje sorgfulle og døm ikkje dykk sjølve fordi de selde meg. Det var for å berga liv at Gud sende meg føre dykk. 6I to år har det vore hungersnaud i landet, og i enno fem år skal det korkje bli pløgd eller hausta. 7Men Gud sende meg i førevegen for å la dykk bli ein rest på jorda, så de skal leva og mange bli berga. 8#37,8#45,8 far for farao tittel på ein høg embetsmann i det gamle Egypt. Så det var ikkje de som sende meg hit, men Gud. Han sette meg til far for farao, til herre over heile hans hus og til styrar over heile Egypt. 9Skund dykk, dra opp til far og sei: Så seier Josef, son din: «Gud har sett meg til herre over heile Egypt. Kom ned til meg, og dryg ikkje! 10#45,10 Gosen grøderikt landområde på austsida av Nil-deltaet. Du skal få bu i Gosen og vera nær meg, både du og borna og barneborna dine, småfeet og storfeet ditt og alt du eig. 11Eg skal syta for deg der, for enno kjem det fem år med hungersnaud. Korkje du eller ditt hus eller nokon av dine skal lida naud.» 12No ser de med eigne auge, både de og Benjamin, bror min, at det er eg som talar til dykk. 13Fortel far min om all den ære og makt eg har i Egypt, og om alt de har sett. Skund dykk, kom hit ned med far.
14Så kasta han seg om halsen på Benjamin, bror sin, og gret, og Benjamin gret på skuldra hans. 15Han kyste alle brørne sine og gret med dei. Etter dette tala brørne med han.
Heimreisa
16Då dei fekk høyra i huset til farao at brørne til Josef var komne, vart farao og tenarane hans glade. 17Farao sa til Josef: «Sei til brørne dine: Dette skal de gjera: Less på dyra dykkar og far heim att til Kanaan! 18Ta så far dykkar og huslydane dykkar og kom til meg. Så skal eg gje dykk det beste landet i Egypt, og de skal eta av det feitaste i landet. 19Du skal by dei å gjera dette: Ta med vogner frå Egypt til kvinnene og borna! Hent far dykkar og kom hit! 20De skal ikkje bry dykk om tinga de eig, for det beste i heile Egypt skal høyra dykk til.»
21Israels søner gjorde så. Josef gav dei vogner, slik farao hadde sagt, og mat på vegen. 22#45,22 300 sjekel ca. 3,5 kg. Han gav nye klede til kvar av dei. Til Benjamin gav han tre hundre sjekel sølv og fem klesskift. 23Til far sin sende han ti esel med noko av det beste som fanst i Egypt, og ti eselhopper som bar treskt korn og brød og mat som faren skulle ha på reisa. 24Så sende han brørne sine av garde. Då dei drog, sa han: «De må ikkje krangla på vegen!»
25Dei drog opp frå Egypt og kom til far sin, Jakob, i Kanaan. 26Dei fortalde: «Josef lever. Han er styrar over heile Egypt.» Men far deira var like kald i hjartet, for han trudde dei ikkje. 27Då fortalde dei han alt det Josef hadde sagt dei, og han fekk sjå vognene som Josef hadde sendt for å henta han. Då livna Jakob til. 28#46,30 «Dette er stort!» sa Israel. «Josef, son min, lever enno! Eg vil reisa og sjå han før eg døyr.»

Currently Selected:

1. Mosebok 45: N11NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy