Salmane 125

125
1 # 46,6 Ein song til festreisene.
Dei som set si lit til Herren,
er som Sion-fjellet;
det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.
2 # 34,8 Fjell omgjev Jerusalem, Herren omgjev sitt folk
frå no og til evig tid.
3Urettferdig kongsstav skal ikkje kvila
over landet dei rettferdige arva,
for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.
4 Herre, gjer godt mot dei gode,
mot dei som har eit ærleg hjarte.
5 # 128,6 Men Herren sender frå seg
dei som går krokvegar,
og dei som gjer urett.
Fred over Israel!

目前选定:

Salmane 125: Bibel2011

高亮显示

分享

复制

None

想要在所有设备上保存你的高亮显示吗? 注册或登录