Salmane 114

114
1 # 81,6 Då Israel drog ut frå Egypt,
Jakobs hus frå eit framandt folk,
2 # 2 Mos 19,5f då vart Juda hans heilagdom
og Israel hans rike.
3 # 2 Mos 14,21 Havet såg det og rømde,
Jordan snudde og rann tilbake.
4Fjella hoppa som vêrar
og haugane som lam.
5Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer,
sidan du snur og renn tilbake, Jordan,
6sidan de hoppar som vêrar, de fjell,
og som lam, de haugar?
7Jord, skjelv for Herrens andlet!
Skjelv for Jakobs Gud,
8 # 2 Mos 17,6; Sal 78,15 han som gjer berget til ein innsjø
og harde fjellet til ei vassrik kjelde.

Àwon tá yàn lọ́wọ́lọ́wọ́ báyìí:

Salmane 114: Bibel2011

Ìsàmì-sí

Pín

Daako

None

Ṣé o fẹ́ fi àwọn ohun pàtàkì pamọ́ sórí gbogbo àwọn ẹ̀rọ rẹ? Wọlé pẹ̀lú àkántì tuntun tàbí wọlé pẹ̀lú àkántì tí tẹ́lẹ̀