1
Romarane 3:23-24
Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet
Bibel1978
for alle har synda, og dei er utan del i Guds herlegdom. Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.
Comparar
Explorar Romarane 3:23-24
2
Romarane 3:22
Dette er Guds rettferd, som vert gjeven ved trua på Jesus Kristus, til alle som trur. Her er det ingen skilnad
Explorar Romarane 3:22
3
Romarane 3:25-26
Han stelte Gud synleg fram, så han med sitt eige blod skulle vera eit sonoffer – for dei som trur. På den måten synte Gud si rettferd. Før hadde han i sitt langmod bore over med dei syndene som var gjorde. Men i vår tid ville han syna si rettferd, både at han sjølv er rettferdig, og at han seier den rettferdig som trur på Jesus.
Explorar Romarane 3:25-26
4
Romarane 3:20
Ingen vert rettferdig for Gud på grunn av gjerningar som lova krev; lova gjer berre at vi lærer synda å kjenna.
Explorar Romarane 3:20
5
Romarane 3:10-12
som det òg står skrive: Det finst ingen rettferdig, ikkje ein einaste. Det finst ingen vitug, ikkje éin som søkjer Gud. Alle er komne på avveg, alle er dei vonde. Det finst ikkje éin som gjer godt, ikkje ein einaste.
Explorar Romarane 3:10-12
6
Romarane 3:28
For vi meiner at mennesket vert rettferdig for Gud ved tru, utan lovgjerningar.
Explorar Romarane 3:28
7
Romarane 3:4
Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive: Så du skal få rett når du talar, og vinna når du fører sak.
Explorar Romarane 3:4