聖經軟件標識
搜尋圖標

Salmane 127

127
1 # 5 Mos 8,17f; Ordt 10,22 Ein song til festreisene. Av Salomo.
Dersom Herren ikkje byggjer huset,
arbeider bygningsmennene fåfengt.
Dersom Herren ikkje vaktar byen,
vaker vaktmannen fåfengt.
2Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned
og et brødet de har slite for.
Det same gjev han venene sine medan dei søv.
3 # 1 Mos 33,5; 48,9 Born er ei gåve frå Herren,
livsfrukt er ei løn.
4Som piler i stridsmannens hand
er søner ein får i sin ungdom.
5 # 127,5 fiendar her motstandarar i rettssaker. Jf. Am 5,10f. porten Byporten var ein møtestad for samråd og rettsforhandlingar. Jf. Rut 4,1ff. Sæl er den mann
som fyller pilehuset sitt med dei.
Han blir ikkje til skamme
når han talar mot fiendar i porten.

目前選定:

Salmane 127: Bibel2011

醒目顯示

複製

對照

分享

None

想在你所有裝置上儲存你的醒目顯示?註冊帳戶或登入