Job 18
18
Bildad: Redsler for den ugudelege
1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:
2Kor lenge? Når vil de gjera slutt på pratinga?
Tenk dykk om, og så kan vi snakka saman!
3Kvifor skulle vi bli rekna som fe?
Er vi så dumme i dykkar auge?
4Raseriet ditt riv deg sund.
Skulle jorda bli lagd aud for di skuld,
og berget flytta seg?
5 #
Ordt 13,9
Lyset til den urettferdige brenn ut,
logen frå elden lyser ikkje meir.
6Lyset i teltet hans går ut,
og lampa sloknar for han.
7 #
Ordt 5,22
Hans sterke steg blir hindra,
hans eigen plan feller han.
8 #
Sal 35,7f Føtene hans går i garnet,
han blir fanga i nettet.
9Ei snare sit rundt hælen,
ei lykkje held han fast.
10Eit reip ligg gøymt på jorda,
ei felle på hans stig.
11 #
3 Mos 26,36
Redslene omringar han,
dei jagar i hælane på han.
12Ulukke hungrar etter han.
Undergang ventar på hans fall.
13 #
1,7f Sjukdom fortærer huda hans.
Dødens førstefødde et han opp.
14 #
Sal 52,7
# 18,14 redslekongen truleg døden. Han blir riven bort frå sitt trygge telt
og ført til redslekongen.
15 #
1 Mos 19,24; 5 Mos 29,23; Sal 11,6; Luk 17,29 Redsla slår seg ned i teltet han forlét.
Svovel regnar over buplassen hans.
16 #
Am 2,9
Nede tørkar røtene hans,
oppe visnar greinene.
17 #
Sal 9,7; Ordt 10,7 Minnet om han blir borte frå landet,
han har ikkje meir eit namn der ute.
18Han blir driven frå lyset til mørkret,
blir jaga frå verda.
19 #
Sal 21,11
Born har han ikkje,
ingen etterkomar i folket,
ingen overlevande der han budde.
20På hans dag grøssar dei i vest,
i aust blir dei gripne av redsle.
21 #
20,29
Sanneleg, slik går det med bustaden til vonde menneske,
med staden til den som ikkje kjenner Gud.
දැනට තෝරාගෙන ඇත:
Job 18: Bibel2011
සළකුණු කරන්න
බෙදාගන්න
පිටපත් කරන්න

ඔබගේ සියලු උපාංග හරහා ඔබගේ සළකුණු කල පද වෙත ප්රවේශ වීමට අවශ්යද? ලියාපදිංචි වී නව ගිණුමක් සාදන්න හෝ ඔබගේ ගිණුමට ඔබගේ ගිණුමට පිවිසෙන්න
Norwegian Nynorsk Bible © The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap), 2011. All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).
Norwegian Nynorsk Bible © Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies), 2011.