Sakarja 2

2
Andre syn: horna og smedane
1Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – fire horn. 2Då sa eg til engelen som tala med meg: «Kva er dette?» Han svara: «Dette er dei horna som har spreidd Juda, Israel og Jerusalem.»
3Så viste Herren meg fire smedar. 4Då spurde eg: «Kva er det dei kjem for å gjera?» Han svara: «Dette er horna som spreidde Juda så ingen kunne lyfta hovudet. Men no er desse komne for å setja skrekk i dei; dei skal slå til jorda horna på dei folkeslaga som lyfte horn mot Juda og spreidde det.»
Tredje syn: målesnora
5 # Esek 40,3f Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – ein mann med målesnor i handa. 6Eg sa: «Kvar skal du av?» Han svara: «Eg skal måla Jerusalem og sjå kor brei og kor lang byen skal vera.»
7Og sjå, engelen som tala med meg, gjekk fram, og ein annan engel gjekk til møtes med han 8og sa: Spring bort og sei til den unge mannen der:
Jerusalem skal liggja utan murar,
så mykje folk og buskap skal det vera i byen.
9 # Sal 46,6ff; Jes 26,1; Sak 9,8; 14,11 Eg skal sjølv vera ein eldmur kring byen,
seier Herren,
eg skal visa min herlegdom der inne.
Herren kallar på dei bortførte
10 # Jer 3,18; 51,6 Ve, ve! Røm frå landet i nord!
seier Herren.
Eg har spreidd dykk for himmelens fire vindar,
seier Herren.
11Ve deg, Sion,
berg deg, du som bur hos dotter Babel!
12 # Sal 17,8; 105,15 For så seier Herren over hærskarane,
den herlege, etter at han sende meg
til folkeslaga som plyndra dykk:
Den som rører dykk,
rører ved min augnestein.
13 # Jer 30,16; Esek 39,10; Mal 2,4 For sjå, eg lyfter handa mot dei,
og dei blir til bytte
for slavane sine.
Då skal de kjenna
at Herren over hærskarane har sendt meg.
14 # Jes 12,6; 65,18f; Sef 3,14f # 2,14 dotter Sion Jerusalem, skildra som kvinne. Fryd deg, ver glad, dotter Sion!
For sjå, eg kjem og tek bustad hos deg,
seier Herren.
15 # Jes 2,2ff; 11,10; 56,6f; Mi 4,1f; Sak 8,20ff Mange folkeslag
skal slutta seg til Herren den dagen.
Dei skal vera mitt folk,
og eg skal ta bustad hos deg.
Då skal du kjenna
at Herren over hærskarane har sendt meg til deg.
16 # 1,16f Herren skal ta Juda i arv
som sin eigedom på heilag jord
og velja ut Jerusalem endå ein gong.
17 # Mi 1,3; Hab 2,20; Sef 1,7 Ver still for Herren, alt som lever!
For han tek ut frå sin heilage bustad.

Markert nå:

Sakarja 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring