Romarane 7
N11NN
7
Fridom frå lova
1Eller veit de ikkje, mine sysken – for eg talar då til folk som kjenner lova – at lova rår over eit menneske berre så lenge det lever? 2#1 Kor 7,39 Ei gift kvinne er av lova bunden til mannen sin så lenge han lever. Men døyr mannen, er ho løyst frå den lova som batt henne til mannen. 3Difor kan ho kallast ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan medan mannen lever. Men døyr mannen, er ho fri frå lova og er ingen ekteskapsbrytar om ho gifter seg med ein annan. 4#Gal 2,19f Slik er det òg med dykk, mine sysken. Gjennom Kristi kropp har de døydd bort frå lova. De høyrer ein annan til, han som stod opp frå dei døde, for at vi skal bera frukt for Gud. 5#6,21#7,5 kjøtet gr. sarks. =kjøt, kjøt og blod. Då kjøtet hadde makta over oss, gjorde lova at dei syndige lystene vart vekte til live i lemene våre, så vi bar frukt for døden. 6#2 Kor 3,6 Men no er vi løyste frå lova, fordi vi har døydd frå det som heldt oss bundne. Difor tener vi Gud i eit nytt liv i Anden, og ikkje i det gamle, etter bokstaven.
Lova og synda
7 # 2 Mos 20,17; Rom 4,15+ Kva skal vi då seia? Er lova synd? Langt ifrå! Men utan lova hadde eg ikkje visst om synda. Eg hadde ikkje visst kva lyst er, om ikkje lova sa: Du skal ikkje lysta. 8#4,15+ Synda brukte bodet til å vekkja alle slags lyster i meg, men utan lova er synda død. 9Eg levde ei tid utan lova. Men då bodet kom, fekk synda liv, 10#3 Mos 18,5; Esek 20,11 og eg døydde. Slik viste det seg at bodet som skulle gje liv, førte til død. 11#1 Kor 15,56 For synda brukte bodet til å narra og drepa meg. 12#1 Tim 1,8 Lova er altså heilag, og bodet er heilagt, rett og godt. 13Men har så det gode ført til døden for meg? Langt ifrå! Men synda brukte det gode til å føra meg i døden, for å gjera det klårt korleis synda er: Gjennom bodet skulle synda visa seg å vera over all måte syndig.
14Vi veit at lova er åndeleg, men eg er av kjøt og blod, seld som slave til synda. 15#Gal 5,17 For eg skjønar ikkje kva eg sjølv gjer. Det eg vil, det gjer eg ikkje, og det eg avskyr, det gjer eg. 16#7,12 Men gjer eg det eg ikkje vil, då gjev eg lova rett i at ho er god. 17Så er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 18#8,3ff; Gal 5,19ff#7,18 kjøt >v. 5. For eg veit at i meg bur det ikkje noko godt, det vil seia i mitt kjøt. Viljen har eg, men å fullføra det gode maktar eg ikkje. 19Det gode som eg vil, det gjer eg ikkje, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg. 20Men gjer eg det eg ikkje vil, då er det ikkje eg som gjer det, men synda som bur i meg. 21#Sal 51,7 Så finn eg altså at denne lova gjeld for meg: Eg vil gjera det gode, men kan ikkje anna enn gjera det vonde. 22#Ef 3,16 Mitt indre menneske seier med glede ja til Guds lov. 23Men i lemene mine kan eg sjå ei anna lov. Ho ligg i strid med lova i mitt sinn og gjer meg til fange under syndelova, som er i lemene. 24Eg arme menneske! Kven skal fri meg frå denne dødens kropp? 25#1 Kor 15,57#7,25 kjøt og blod >v. 5. Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! Slik er altså eg: Med sinnet tener eg Guds lov, men med kjøtet tener eg syndelova.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk