Romarane 12

12
Det kristne livet
1 # 6,13ff; 1 Pet 2,5 # 12,1 sysken eit ord Paulus nyttar ofte når han tiltalar og omtalar medkristne. =sysken. Difor legg eg dykk på hjartet, sysken, ved Guds miskunn, at de må bera fram kroppen dykkar som eit levande og heilagt offer, til glede for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2#Ef 4,23; 5,10.17; 1 Joh 2,15 Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan dømma om kva som er Guds vilje: det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
3 # 1,5; 15,15 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar og ein av dykk: Tenk ikkje for store tankar om deg sjølv, men bruk forstand og ver sindig! – kvar og ein etter den trua som Gud har tilmålt han. 4#Joh 2,21; 1 Kor 10,16; 12,12ff; Ef 1,23; 4,16; Kol 1,18; 3,15 Vi har éin kropp, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5#1 Kor 12,27+; Ef 4,25 På same måten er vi alle éin kropp i Kristus, men kvar for oss er vi lemer for kvarandre. 6#1 Kor 12,4.28ff; 1 Pet 4,10f Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal bruka henne i samsvar med trua; 7#1 Tim 3,8.12 den som har ei teneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8#2 Kor 9,7; 1 Pet 5,2#12,8 den som er sett til å leia kan òg omsetjast «den som viser omsorg». og den som trøystar, skal verkeleg trøysta. Den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarte, den som er sett til å leia, skal gjera det med iver, den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
9 # Am 5,15; 1 Pet 1,22 Lat kjærleiken vera ekte! Avsky det vonde og hald dykk til det gode! 10#Fil 2,3; Hebr 13,1+ Elsk kvarandre med inderleg syskenkjærleik; set dei andre høgare enn dykk sjølve! 11#Op 3,15 Ver ikkje lunka, men ivrige. Ver brennande i Anden, ten Herren! 12#1 Tess 5,16f Ver glade i vona, tolmodige i motgangen, uthaldande i bøna. 13#15,25ff; Hebr 13,2 Ver med og hjelp dei heilage som lid naud, og legg vinn på å vera gjestfrie. 14#Matt 5,44; 1 Kor 4,12 Velsign dei som forfølgjer dykk, velsign og forbann ikkje. 15Gled dykk med dei glade og gråt med dei som græt. 16#Jes 5,21; Rom 15,5+ Ha ei og same haldninga dykk imellom, trakt ikkje etter det høge, men hald dykk gjerne til det låge. Ver ikkje sjølvkloke! 17#Matt 5,38ff; 1 Tess 5,15 Løn ikkje vondt med vondt; ha tanke for det som er godt for alle menneske. 18#1 Tess 5,13; Hebr 12,14 Gjer alt de kan for å halda fred med alle menneske, så langt det er mogleg. 19#5 Mos 32,35 Ta ikkje hemn, mine kjære, men overlat vreiden til Gud. For det står skrive: Hemnen høyrer meg til, eg skal gjengjelda, seier Herren. 20#Ordt 25,21f Men:
Er fienden din svolten, så lat han få mat,
er han tørst, så gjev han drikke.
Gjer du det, samlar du glødande kol på hovudet hans.
21 # 1 Mos 4,7; 1 Sam 24,18f Lat ikkje det vonde få vinna over deg, men vinn over det vonde med det gode!

Markert nå:

Romarane 12: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring