Romarane 11

11
Frelse for heidningane – frelse for Israel
1 # 1 Sam 12,22; Sal 94,14; Fil 3,5+ No spør eg: Har Gud støytt ifrå seg folket sitt? Langt ifrå! Eg er sjølv ein israelitt, av Abrahams ætt og Benjamins stamme. 2Gud har ikkje støytt ifrå seg folket sitt, det folket han hadde vedkjent seg. Eller veit de ikkje kva Skrifta seier i forteljinga om Elia, korleis han stig fram for Gud med skuldingar mot Israel? 3#1 Kong 19,10 «Herre, profetane dine har dei drepe, og altara dine har dei rive ned. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 4#1 Kong 19,18#11,4 Baal viktig kanaaneisk avlings- og livsgud, som òg er tore- og krigsgud. =framande gudar. Men korleis lyder det guddomlege svaret han får? «Eg har spart sju tusen mann som ikkje har bøygd kne for Baal.» 5#9,27 På same måten har det i vår tid òg vorte att ein rest som Gud i sin nåde har valt ut. 6#3,28; Ef 2,8 Men er det av nåde, då er det ikkje på grunn av gjerningar; elles var ikkje nåden lenger nåde. 7#9,31 Kva så? Det Israel søkjer, har dei ikkje oppnådd, men dei utvalde har oppnådd det. Dei andre har vorte forherda, 8#5 Mos 29,4; Jes 29,10 som det står skrive:
Gud har gjeve dei ei sløv ånd,
auge som ikkje ser, og øyre som ikkje høyrer,
heilt til denne dag.
9 # Sal 69,23f Og David seier:
Lat bordet deira bli ei snare og ei felle,
ein snublestokk og ei straff for dei.
10 Lat auga deira formørkjast
så dei ikkje kan sjå,
og lat ryggen deira for alltid vera bøygd.
11 # Matt 8,11f; 21,43; Apg 13,46 Så spør eg: Snubla dei for at dei skulle falla? Nei, langt ifrå! Men deira fall gjorde at frelsa kom til dei andre folka, og så skulle jødane bli misunnelege på dei. 12Når deira fall har ført til rikdom for verda, og deira tap har vorte til rikdom for dei andre folka, kor mykje meir får det ikkje då å seia at dei kjem med i fullt tal?
13 # 1,5; 1 Tim 2,7 No talar eg til dykk som er av heidningætt. Så sant eg er apostel for heidningane, set eg tenesta mi høgt, 14#10,19 i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei. 15#11,15 at dei vart vraka kan òg omsetjast «at dei vraka», nemleg Kristus. at dei blir godtekne kan òg omsetjast «at dei godtek», nemleg Kristus. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! 16#4 Mos 15,17–21#11,16 det første brødet det same gr. ordet er òg omsett «den første frukta». >8,23. Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. 17#Jer 11,16; Hos 14,6f Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. 18Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg. 19No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.» 20#1 Kor 10,12 Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud! 21Sparte han ikkje dei naturlege greinene, skal han ikkje spara deg heller.
22 # Joh 15,2.4 Sjå då kor god Gud er, og kor streng – streng mot dei som er falne, men god mot deg så sant du held deg til han som er god. Elles blir du òg avhoggen. 23#2 Kor 3,16 Men dei andre òg skal bli innpoda, om dei då ikkje held fram i vantrua si. Gud har makt til å poda dei inn att. 24Du vart hoggen av frå eit vilt oliventre og mot naturen innpoda på eit godt tre. Kor mykje meir skal ikkje då dei naturlege greinene podast inn att i sitt eige oliventre?
25Eg vil ikkje at de skal vera uvitande om denne løyndomen, sysken, så de har for høge tankar om dykk sjølve: For ein del av Israel har vorte forherda, heilt til heidningane er komne inn i fullt tal. 26#Jes 27,9; 59,20f; Jer 31,33f#11,26 På den måten kan òg omsetjast «så» eller «deretter». På den måten skal heile Israel bli frelst, som det står skrive:
Frå Sion skal redningsmannen koma,
han skal rydda gudløysa bort frå Jakob.
27 Dette er mi pakt med dei
når eg tek bort syndene deira.
28På grunn av evangeliet har dei vorte Guds fiendar, slik at de skal få frelsa. Men på grunn av utveljinga er dei elska av Gud, for fedrane skuld. 29#4 Mos 23,19; 2 Tim 2,13 For Gud angrar ikkje på sine nådegåver og si utveljing. 30De var ein gong ulydige mot Gud, men no har de fått miskunn fordi dei andre var ulydige. 31På same vis har dei no vore ulydige, for at den miskunn de har fått, skal føra til at dei òg no får miskunn. 32#Gal 3,22 Gud lét alle vera ulydige, så han kunne miskunna seg over alle.
33 # Job 11,7; Sal 139,6.17f; Jes 55,8f Å, for eit djup av rikdom
og visdom og kunnskap hos Gud!
Kor uransakelege hans dommar er,
og kor ufattelege hans vegar!
34 # Jes 40,13; Jer 23,18 Kven kjende Herrens sinn,
eller kven var rådgjevaren hans?
35 # Job 41,2 Kven gav han noko først
så han skulle få vederlag?
36 # Joh 13,13; 1 Kor 8,6; Ef 4,5f; Kol 1,16+ Av han og ved han og til han er alle ting.
Han vere ære i all æve! Amen.

Markert nå:

Romarane 11: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring