Romarane 10
N11NN
10
1 # 9,1f Mine sysken, eg ønskjer av hjartet og bed til Gud at dei må bli frelste. 2#Apg 22,3 For eg må gje dei dette vitnemålet: Dei brenn for Guds sak, men utan verkeleg å kjenna han. 3#9,31f Dei kjenner ikkje Guds rettferd, men prøver å byggja si eiga rettferd; difor har dei ikkje bøygd seg inn under rettferda frå Gud. 4#Joh 3,18; Apg 13,39; Gal 3,23f#10,4 endepunktet Ordet kan tyda både «ende», «slutt» og «mål», «fullføring». For Kristus er endepunktet for lova, så kvar den som trur, skal bli rettferdig.
5 # 3 Mos 18,5; Gal 3,12 Moses skriv om den rettferda som lova gjev: Det mennesket som lever etter boda, skal ha liv ved dei. 6#5 Mos 9,4; 30,12–14 Men den rettferda som kjem av tru, seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i din munn og i ditt hjarte. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9#Matt 10,32; Fil 2,11 For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10#1 Pet 3,15 Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. 11#Jes 28,16; Rom 9,33 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme. 12#Apg 10,34f; Rom 3,22ff; Gal 3,28+ For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13#Joel 3,5Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.
14Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner? 15#Jes 52,7 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje blir utsende? Som det står skrive: Kor vakre dei er, føtene til dei som kjem med gledebod! 16#Jes 53,1; Joh 12,37f Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? 17Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord. 18#Sal 19,5 Har dei ikkje høyrt, spør eg då. Jau, sanneleg:
Deira røyst har nådd ut over heile jorda,
orda dit verda endar.
19 # 5 Mos 32,21 Men så spør eg: Kan henda Israel ikkje har skjøna det? Først seier Moses:
Eg vil gjera dykk sjalu
på dei som ikkje er eit folk,
på eit uvitug folk
gjer eg dykk rasande.
20 # Jes 65,1 Og Jesaja går så langt at han seier:
Eg vart funnen
av dei som ikkje søkte meg,
eg openberra meg
for dei som ikkje spurde etter meg.
21 # Jes 65,2 Men om Israel seier han:
Heile dagen rette eg ut mine hender
til eit ulydig og trassig folk.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk