Salmane 87
N11NN

Salmane 87

87
1 # Jes 14,32 Av Korah-songarane. Ein salme. Ein song.
Han har grunnlagt byen på heilage fjell.
2 # 78,68 Av alle Jakobs bustader
elskar Herren Sions portar mest.
3 # 46,5f; 48,2ff; 132,13f Herlege ting er sagde om deg,
du Guds by. Sela
4 # 45,13+ # 87,4 Rahab her som namn på Egypt. Jf. Jes 30,7; 51,9. Kusj >68,32. Eg nemner Rahab og Babel
for dei som kjenner meg,
Filistarland, Tyros og Kusj:
«Dei er alle fødde her.»
5 # 48,9 For om Sion heiter det:
«Kvar og ein er fødd her.»
Den høgste sjølv har grunnfest byen.
6 # Jes 4,3 Herren skriv opp folka og tel dei:
«Alle er dei fødde her.» Sela
7 # 36,9f Dei dansar og syng:
«Alle mine kjelder er i deg.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.