Salmane 60

60
1 # 60,1 Vitnemåls-lilja kanskje namn på ein melodi. Til korleiaren. Etter «Vitnemåls-lilja». Ein miktam, til lærdom. Av David, 2#2 Sam 8,3ff.13#60,2 mellom elvane Eufrat og Tigris. Soba eit aramearrike nord for Damaskus. Jf. 1 Sam 14,47. Saltdalen truleg ein dal sør for Daudehavet. då han låg i strid med aramearriket mellom elvane og aramearriket i Soba, og Joab kom att og slo tolv tusen edomittar i Saltdalen.
3 # 44,10; 74,1; 89,39 Gud, du har støytt oss bort og knust oss.
Du var harm. Reis oss opp att!
4Du lét landet skjelva og rivna.
Læk brestene, for landet vaklar.
5 # 75,9; Jes 51,17; Jer 25,15 Du lét folket ditt sjå harde tider,
gav oss vin så vi tumla.
6Du reiste ei fane for dei som fryktar deg.
Dit kan dei rømma for bogen. Sela
7 # 108,7ff Hjelp oss med di høgre hand, svar meg,
så dine kjære kan bli berga.
8 # 60,8 Sukkot-dalen dalføre ved Jabbok-elva i Austjordanlandet. Gud har tala i sin heilagdom:
«Med jubel vil eg dela ut Sikem,
Sukkot-dalen vil eg måla opp.
9 # 1 Mos 49,10 Mitt er Gilead og mitt er Manasse,
Efraim er hjelmen på mitt hovud,
Juda er min styrarstav.
10Men Moab er mitt vaskefat,
på Edom kastar eg sandalen.
Hyll meg, Filistarland!»
11Kven fører meg til festningsbyen,
kven leier meg til Edom?
12 # 44,10 Det er du, Gud, du som støytte oss bort
og ikkje drog ut med våre hærar.
13 # 146,3ff Støtt oss mot fienden!
Hjelp frå menneske er ingenting verd.
14 # Sal 18,30+ I Gud skal vi gjera storverk.
Han skal trakka ned våre fiendar.

Markert nå:

Salmane 60: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring