Salmane 55
N11NN
55
1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David.
2 # 17,1; 71,2; 86,6 Vend øyret til mi bøn, Gud,
løyn deg ikkje når eg bed.
3Lytt til meg og gjev meg svar!
Eg er kvilelaus i mi sut.
Eg er ute av meg, 4for fienden ropar,
dei lovlause trykkjer meg ned.
Dei velter urett over meg,
rasande går dei mot meg.
5 # 18,5f+ Hjartet vrid seg i meg,
eg er gripen av dødsangst.
6Eg skjelv av frykt,
eg er overvelda av redsle.
7 # Jer 9,2 Eg sa: Hadde eg berre venger som dua!
Då flaug eg bort og fann meg ein bustad.
8Langt av garde ville eg rømma,
i ørkenen ville eg slå meg ned. Sela
9Eg ville skunda meg i ly
for rasande vind og storm.
10 # 1 Mos 11,9; Sef 3,1ff Herre, forvirr dei og kløyv deira tungemål!
For eg ser vald og strid i byen.
11Dag og natt går dei ikring på bymuren.
Innanfor er ugjerning og urett.
12Øydelegging rår der inne,
svik og vald vik ikkje frå torget.
13Var det ein fiende som spotta meg,
kunne eg bera det.
Var det ein uven som såg ned på meg,
ville eg gøyma meg for han.
14 # 41,10 Men det er du, min like,
min gode ven og kjenning,
15vi som tala fortruleg saman
og gjekk i festtog i Guds hus.
16 # 4 Mos 16,33; Sal 63,10 Lat døden koma over dei,
lat dei fara til dødsriket midt i livet!
For dei har vondskap i heim og hug.
17Men eg vil ropa til Gud,
og Herren skal frelsa meg.
18 # Dan 6,11 Kveld og morgon og midt på dagen
klagar og sukkar eg,
og han skal høyra ropet mitt.
19 # 3,2+ Han skal fria meg frå strid og gje meg fred,
endå mange går mot meg.
20 # 74,12; Hab 1,12 Gud skal høyra og audmjuka dei,
han som tronar frå eldgammal tid. Sela
For dei forandrar seg ikkje,
dei fryktar ikkje Gud.
21Fienden legg hand på sine vener,
han bryt si pakt.
22 # 5,10+ Hans tale er glattare enn smør,
men han har strid i sinne.
Hans ord er mjukare enn olje,
men dei er dregne sverd.
23 # 37,5+ Kast di bør på Herren,
han vil sørgja for deg!
Han lèt aldri den rettferdige vakla.
24 # 5,7+; 25,2+ Men du er Gud.
Støyt dei ned i den djupe grava!
Drapsmenn og svikarar når ikkje halve si levetid.
Men eg set mi lit til deg.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk