Salmane 54

54
1Til korleiaren. Med strengespel. Ein læresalme. Av David, 2#1 Sam 23,19f#54,2 Sif ørkenområde sør for Hebron. då mennene frå Sif kom og sa til Saul: «David held seg løynd hos oss.»
3Gud, frels meg ved ditt namn,
skaff meg rett ved di kraft!
4Gud, høyr mi bøn,
vend øyret til mine ord!
5 # 86,14 Framande har reist seg mot meg,
valdsmenn står meg etter livet.
Dei bryr seg ikkje om Gud. Sela
6Men Gud er den som hjelper meg,
Herren held meg i live.
7 # 28,4+ Vend det vonde mot mine fiendar.
Gjer ende på dei i din truskap!
8 # 92,2 Villig skal eg ofra til deg
og prisa namnet ditt, Herre,
for det er godt.
9 # 59,11+ Herren har fria meg ut av all naud,
så eg kan sjå ned på mine fiendar.

Markert nå:

Salmane 54: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring